Saman med Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Havforskningsinstituttet ønsker Kartverket å etablere kartleggingsprogrammet Marine grunnkart i kyst-Norge (MAGIN).

MAGIN vil gi samfunnet grunnleggande kunnskapskomponentar til utvikling og forvalting av kystsona. Formålet er å kartlegge kystsona frå fjæresteinane og ut til éin nautisk mil utanfor grunnlinja. MAGIN vil levere 3D-kart, djupnekart og ei rekke typar geologiske kart gjennom lett tilgjengelege og standardiserte kart- og datatenester.

Med dagens framdrift vil det ta meir enn 30 år å dekke kystsona med gode marine grunnkart. MAGIN legg til rette for ei raskare og meir effektiv kartlegging.

Samfunnsøkonomisk analyse

På oppdrag frå Kartverket har Menon Economics i samarbeid med DNV GL, utført ein samfunnsøkonomisk analyse av MAGIN. Matforskningsinstituttet Nofima har også bidrege.

– Resultata frå analysen er spanande og viser at våre djupnedata er nyttige for meir enn sikker ferdsel. Analysen medverkar til å skildre nytta våre data har for den blå økonomien. Vi har allereie innleia samtalar med Kommunal- og moderniseringsdepartementet om ei styrka satsing på dette området i åra som kjem, og eg har tru på at vi vil ha glede av rapporten på fleire område, ikkje minst i dialog med brukarane, seier assisterande kartverkssjef Knut Arne Gjertsen.

Analysen vurderer nytteverdien av auka produksjon og auka tilgjengeleggjering av marine geodata i Noreg. Ifølge analysen er det mest samfunnsøkonomisk lønsamt å oppskalere produksjonen slik at ein følgjer eit tempo der kyst-Noreg skal vere kartlagt på 25 år, basert på vurderingar av effektar som kan prissettast og ikkje-prissette effektar. Menon Economics tilrår ei relativ beskjeden opptrapping med tanke på teknologiutviklinga og vår evne til å hauste gevinstane av denne.

Område som bør prioriterast er farvatn med stor skips- og båttrafikk, område med potensiale for vekst i oppdrettsnæringa og område med stor befolkning eller stor vekst i folketalet. Dette vil føre til utløysing av størst mogleg nytteeffektar totalt sett.

Les den samfunnsøkonomiske analysen av MAGIN (pdf)

– MAGIN er eit kartleggingsprogram som skal samle inn data til vedtaksgrunnlag, basert på brukarane sine behov. Og MAGIN skal bidra til å dempe interessekonfliktar i kystsona, seier Borrevik.

Vekst i den blå økonomien

Ein lang og fruktbar kyst har i hundreår danna fundamentet for verdiskaping, velferd og naturglede i Noreg. MAGIN vil legge til rette for vidare utvikling og vekst i næringar som regjeringa ønsker å satse vidare på.

Eit godt kartgrunnlag gir moglegheiter for fleire bransjar, næringar og offentlege instansar, og legg til rette for ei berekraftig vekst i den blå økonomien og forvalting av kystsona. Samtidig gir detaljert kunnskap om havbotn og undersjøisk miljø betre vedtaksgrunnlag for miljøvenleg utvikling av kystsona.

Ved å etablere og forvalte ny kunnskap om den verda som ligg under vassflata, kan noverande og komande generasjonar ta ut kysten sitt potensial for utvikling på ein berekraftig måte ved:

  • Betre kartgrunnlag for bærekraftig og effektiv plassering av oppdrettsanlegg
  • Kartlegging av potensial for utvinning av sand- og grus-ressursar på havbotn
  • Legge til rette for berekraftig utnytting av mineral på havbotn og på land
  • Ny kunnskap til eit allereie leiande havforskingsmiljø

Lett tilgjengelege og detaljerte kartprodukt vil gi sikrare ferdsel og utbygging langs kysten.

Politisk forankring

Regjeringa vil:

  • Bygge sin politikk på forvaltaransvaret og føre-var-prinsippet
  • Legge til rette for vekst i mineralnæringa
  • Opne for at mineralnæringa kan nytte sjødeponi
  • Bidra til at også framtidige generasjonar kan leve av å hauste av dei store sjømatressursane vi har langs kysten vår
  • Legge til rette for ein føreseieleg vekst i oppdrettsnæringa
  • Styrke arbeidet med å rydde opp i giftige sediment i fjordar, elvar, hamner og innsjøar, samt avgrense spreiing av miljøgiftar
  • Legge til rette for at meir gods transporterast til sjøs
  • Legge til rette for betre tryggleik og større skip gjennom økt seilingsdjup og -breidde, og endra merking i innseglingskorridorar
  • Styrke tryggleiken og beredskapen mot utslipp og ulukker til sjøs

Kontakt

Herman Iversen
Avdelingsdirektør
Geodataavdelinga i sjødivisjonen
Tlf.: 51 85 88 94
E-post: herman.iversen@kartverket.no

Sissel Kanstad
Kommunikasjonsrådgivar
Tlf.: 51 85 88 28 / 995 13 848
E-post: sissel.kanstad@kartverket.no