Konkurransane er ein del av #hack4no, årets store datatreff og møteplass for dataforvaltarar, databrukarar og kodeinteresserte barn og unge. #hack4no går av stabelen 28. og 29. oktober på Hønefoss.

Junior-hack-konkurranse

Arrangørane utfordrar barn og ungdommar, kodeklubbar og ungdomsskuleklassar til å nytte dei første månadane av haustsemesteret til å lage spel, verktøy eller prosjekt som dei deltar i juniorhack-konkurransen med. Deltakarane presenterer bidraga sine på #hack4no der også vinnarane blir kåra.

Les meir om junior-hack-konkurransen

Hacke-konkurranse for vaksne

For vaksne går konkurransen ut på å utvikle dei beste digitale appane eller tenestene med innslag av opne data frå det offentlege. Det offisielle startskotet går idet #hack4no opnar 28. oktober, og løysingane skal utviklast i løpet av dei neste snaue 30 timane.

Vi ynskjer at flest mogleg av løysingane som blir utvikla på #hack4no skal realiserast og kome ut i marknaden. Difor tilbyr vi coaching undervegs, og solide oppfølgjingspakkar til vinnarlaga.

Les meir om hacke-konkurransen for vaksne

Reisestipend

Det er gratis å delta i konkurransen og på #hack4no, og vi serverer gratis lunsj og middag/kvelds til alle deltakarane begge dagar. For dei som tar til takke med "sovesal", tilbyr vi gratis overnatting i klasserom. I tillegg vil vi i år, med hjelp frå sponsorane og samarbeidspartane våre, tilby reisestipend eller gratis buss til og frå for studentar, skoleklassar og kodeklubbar.

Les meir om reisestipend

Påmelding opnar 23. august

Påmeldinga til #hack4no opnar 23. august. I år er det rigga for 500 deltakarar, 250 vaksne og 250 barn og ungdommar. Sidan vaksen- og junior-hackathon skjer parallelt, oppmodar vi deltakarane til å ta med heile familien! Vi vil ha med både mor, far og junior!

I tillegg til sjølve hackathonet 28. og 29. oktober, blir det arrangert studentdag, journalistkurs og ein praktisk innovasjonsdag dagen før, det vil seie 27. oktober.

Det er Kartverket og Difi som arrangerer #hack4no i samarbeid med ei rekkje andre etatar og samarbeidspartar.

Les meir om det som skjer på #hack4no