Mange kommunar i Noreg har like vegnamn, eksempelvis finst det Storgata og Fjellvegen i mange kommunar. Når to kommunar blir ein - kan like adressenamn skape forvirring, både for innbyggarar og besøkande, men også for dei som av meir alvorlege årsaker må finne fram til riktig gate.

Eintydige adresser og naudetatane

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) er ein del av medisinsk naudmeldeteneste som har til hovudoppgåve å svare det medisinske naudnummeret 113, samt ta i mot bestillingar på ambulanse. Kartverket anbefaler unike adresser i kommunane, blant anna for å forhindre mistydingar når det gjeld som mest:
- AMK eller blålyseatetane er avhengige av rett adresse for å nå fram. Om det finst to Storgata i same kommune, kan vi risikere at dei rykker ut til feil Storgata. I verste fall kan dette få fatale konsekvensar, forklarar Inger Margrethe Kristiansen, fagansvarleg for adresser ved Kartverket.

Ho arbeider i fagforvaltningsseksjonen i matrikkel- og stadnamnavdelinga i Kartverket, og har mykje med problemstillinga å gjere.

Kartverkets anbefaling

Kristiansen forklarar at det er ei anbefaling frå Kartverket at nye kommunar gjer ei utgreiing av doble gatenamn og endrar dei aktuelle namna. Lovverket seier også at namn skal vere eintydige innanfor kommunen. Ved å velje unike namn minimerer ein sjansen for mistydingar.
Dette finst det fleire eksempel på. NRK Telemark publiserte nyleg ei sak om doble adresser i Porsgrunn og Brevik. I saka uttalar Alfhild Jordbudal frå Storgata Brevik at ho ved eit tilfelle venta ein ambulanse som var køyrd til Storgata i Porsgrunn sentrum. Det gjekk bra denne gongen, men i verste tilfelle kan doble adresser få fatale konsekvensar.

Les hele saka på NRK sine nettsider her. 

Erfaringar frå nye Sandefjord kommune

Kartverket forstår at dette er ein stor «gjere-jobb» for kommunane, som vekkjer mange kjensler lokalt. Men det er eit viktig arbeid sett i høve til beredskap og sikkerheit for liv, helse og eigedom for kvar og ein av oss.

Kartverket har gjennom prosjektet «Kommunereform i ei digital verkelegheit» samarbeidd tett med samanslåingsprosessen i Sandefjord, Andebu og Stokke. Her har kommunane køyrt ein framifrå prosess på kartlegging og utveljing av nye gatenamn. Dette arbeidet får ros frå Kartverket:
- Jobben dei har gjort i Sandefjord, Andebu og Stokke er verkelig eit godt eksempel på ein slik prosess. Dei har gått opp vegen som andre kommunar kan følgje, uttalar Kristiansen.

Sandefjord, Andebu og Stokke var tidlig ute med adressearbeidet. Dei har hatt ein god prosess, som har involvert innbyggarane i kommunaneblant anna gjennom å oppmode innbyggarar til å foreslå nye vegnamn. Då fristen for forslag gjekk ut 15. mars hadde det kome inn 122 innspel.

Les meir om nye vegnamn i nye Sandefjord kommune her.

På Kartverkets nettsider for kommunesamanslåing finn du ei sjekkliste som blant anna inneheld oppgåver relatert til adresser og doble adressenamn. 

I Kartverkets adresserettleiar 17.6 kan du lese meir om samordning ved kommunesamanslåing 

Her kan du sjå oversikta over dei nye adressene i nye Sandefjord kommune.