​​– Dette blir knallbra! Dei nye kartutsnitta gjer at båtførarprøven no blir ein enda betre prøve, seier overingeniør Signe Meling i avdeling for utdanning, sertifisering og bemanning i Sjøfartsdirektoratet.

Det er Sjøfartsdirektoratet som er ansvarleg for båtførarprøven.

Dei fire nye skolekarta skal berre brukast under eksamen til båtførarprøven.

 Det var viktig at kartutsnitta i skolekarta ikkje skulle vere nytta i undervisningssamanheng tidlegare, fortel seksjonssjef Gjermund Bakken i sjødivisjonen i Kartverket.

Skolekarta er laga i A3-format slik at dei lett kan skrivast ut og handterast i ein eksamenssituasjon.

Arbeidet med å lage nye kartutsnitt til skolekart til båtførarprøven blei satt i gong etter initiativ frå Sjøfartsdirektoratet, da dei besøkte Kartverket sin stand på Sjøsikkerhetskonferansen 2016 i Haugesund i september.

Skolekart på kartverket.no

Kartverkets sjødivisjon har i mange år produsert og tilbydd skolekart for bruk i undervisning, mellom anna til båtførarprøven.

Fire skolekart er i gjort gratis tilgjengeleg på kartverket.no. Desse skolekarta er ikkje ein del av dei nye kartutsnitta til båtførarprøven.

Skolekarta som er tilgjengelig for nedlasting i pdf-format på kartverket.no, er:

  • Skolekart for Oslofjorden, utsnitt frå hovudseriekart nr. 3
  • Skolekart for Boknafjorden, utsnitt frå hovudseriekart nr.16 og 17
  • Skolekart for Stavanger, utsnitt frå hamnekart nr. 455
  • Skolekart for Bergen, utsnitt frå hovudseriekart nr. 21

Kontakt

Gjermund Bakken
Seksjonssjef for kartseksjonen
Kartverket sjødivisjonen
gjermund.bakken@kartverket.no
51 85 88 69 / 959 61 301

Sissel Kanstad
Kommunikasjonsrådgivar
sissel.kanstad@kartverket.no
51 85 88 28 / 995 13 848