Alle dei nordiske landa har hatt hackathons tidlegare i år, og to vinnarar frå kvart land blei sende vidare til den nordiske kåringa i regi av Nordic Innovation på teknologikonferansen Slush i Helsinki. Der blei tre vinnarar kåra, og for dei norske laga - #biocaching og H4O - blei det full pott: Begge laga vann, og begge kunne reise heim att 50.000 kroner rikare!

Det tredje laget som vann, var «SpaceInvaders» frå Danmark.

Nyttar opne data

#hack4no blei arrangert av Kartverket og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) på Hønefoss i juni og samla over 250 datainteresserte born og vaksne. Målet var mellom anna å utvikle nyttige app-ar og andre digitale løysingar med utgangspunkt i opne, offentlege data.

Ein del av premien var profesjonell oppfølgjing for å utvikle løysinga vidare - før turen gjekk til Slush og Helsinki. Det eine vinnarlaget fekk oppfølgjing frå design- og teknologiselskapet Making Waves i Oslo, det andre frå NOA Incubator i Stockholm.

Løyser miljø- og klimautfordringar

Dei to laga har utvikla app-ar som på kvar sin måte bidrar til å løyse klima- og miljøutfordringar. Begge er framleis på utviklingsstadiet.

#biocaching inviterer barn og vaksne til å registrere artar i naturen på ein artig og engasjerande måte. Observasjonane blir rapportert til Artsdatabanken og går vidare inn i nasjonale og internasjonale databasar.

Sjå nettsida og videoen til #biocaching!

H4O (Humans for Ocean) rettar seg mot problemet med gamle fiskereiskapar og spøkelsesteiner på havbotnen, og legg til rette for ein engasjerande dugnad blant dykkarar, dykkarklubbar og miljøvernorganisasjonar for å rydde opp.

Sjå nettsida og videoen til H4O!

Les meir