Høyr intervju med prosjektleiar Hilde Sande Borck i NRK Møre og Romsdal si radiosending "God morgon, Møre og Romsdal" 28. april.

Dei fem kommunane, Sande, Herøy, Hareid, Ulstein og Vanylven, har i samarbeid med Runde Miljøsenter, NGU og Kartverket fått laga marine grunnkart for søre Sunnmøre. Desse karta har svært høg oppløysing og viser detaljar på sjøbotnen som ingen har sett før.

Dei grunne områda langs land og fløder og skjær ute i havet greier ein ikkje å måle opp med båt, derfor har Kartverket no starta med sitt arbeid for å kartlegge kystsona med flyboren laser der båtar ikkje har fått tilgang til å sjømåle.

Detaljrikdom i karta – einaste i landet

Allereie har vi eit utruleg flott og detaljrikt kart over sjøen som synar oss korleis havbotnen og terrenget eigentleg er. Elles i Noreg har vi mykje meir grove kart. På søre Sunnmøre er det no opparbeidd kart som viser djupne på kvar einaste meter.

– Vi kan sjå detaljar i havet som vi ikkje har gjort før, fortel Nils-Roar Hareide dagleg leiar, Runde Miljøsenter.

Anita Sundnes, kommunalsjef teknisk i Ulstein kommune, fortel at målet er å dekke gapet mellom dagens detaljerte høgde- og djupnedata, slik at ein kan presentere ein saumlaus detaljert terrengmodell. Dette vil gi unik moglegheit for ei heilskapleg forvaltning av areala over og under vatn.

– For kommunane vil dette vere av stor verdi i arbeidet med kystsoneplanar, godkjenning av tiltak i sjøområda, og gje eit betre analysegrunnlag for plan- og beredskapsarbeidet, seier Sundnes.

GRØN LASER: Med fly kan ein dekkje større område raskare enn med båt. Ein kan bruke grøn laser som trenger gjennom vatnet og treff sjøbotnen, gjerne i kombinasjon med raud laser som reflekterer frå vassoverflata.

Ver obs på låg flyging

Med fly kan ein dekkje større område raskare enn med båt. Kartlegging under vassflata med flyboren laser er likevel meir krevjande og dyrare enn tilsvarande kartlegging av landområde. Ved kartlegging av sjøbotn må ein fly lågare, og etterarbeidet med å få ut data er også meir krevjande.

– Viss du ser fly som flyr lågt, så er det berre fordi dei skannar kystlina, orienterar Sundnes.

Beste tida for denne typen kartlegging

Tidleg på året har ein klårast vatn med best siktedjup, og mindre vegetasjon på sjøbotn. Ein må flyge lågt og ein må ha dagslys, og samtidig ønskjer ein å fly når vasstanden er lågast mogeleg. I GLaSS-prosjektet flyg ein i periodane når vasstanden er under middelvatn.

Forseinka oppstart

Datafangsten skulle etter planen vore i gong i månadsskiftet februar–mars, men blei utsatt grunna problem med måleutstyr på flyet. Då utstyret endeleg blei friskmeldt i månadsskiftet mars–april, var det vêret som skapte problem. Fyrst i påska, den 13. april, kom ein i gong med kartlegginga.

Følgjer med på siktedjup og andre forhold

I samarbeid med Runde miljøsenter får Kartverket informasjon om målt siktedjup i området.

– Det er ikkje like god sikt i vatnet no som i februar, men det skal fortsatt vere gode nok forhold, seier Hareide.

Om forholda skulle endre seg og sikta bli dårleg, vil prosjektet kunne risikere å måtte sette kartlegginga på vent.

Kontakt

Hilde Sande Borck
Prosjektleiar for prosjektet Grøn laser søre Sunnmøre
Kartverket sjødivisjonen
hilde.sande.borck@kartverket.no
Tlf. 51 85 88 25

Sissel Kanstad
Kommunikasjonsrådgivar i Kartverket
sissel.kanstad@kartverket.no
Tlf. 51 85 88 28 / 995 13 848

Les meir:

FOSNAVÅG: Dei kvite områda viser gapet kor det manglar djupne- og høgdedata i Fosnavåg i Herøy kommune. Illustrasjon: Herøy kommune

SIKTEDJUP: Runde miljøsenter målar siktedjup i området for Kartverket. Tidleg på året er det klårast vatn med best siktedjup, og mindre vegetasjon på sjøbotn. Foto: Runde miljøsenter