Gratis turkart

Finn akkurat det utsnittet du vil ha i norgeskartet, klikk «Lag kartet!», og vips får du heilt gratis eit karthefte med utforming og detaljrikdom som tilsvarar Kartverkets kjende kartserie «Norge 1:50 000». Lag til dømes karthefte for hytta, eller favoritt-turområdet! Ta utskrift og suppler med kompass, turkopp eller noko anna personleg.

Lag turkart

Gi eit historisk kart

På kartverket.no kan du gratis laste ned historiske kart frå store delar av Noreg. Finn eit kart frå eit område den som skal få gåva er knytta  til, ta utskrift, sett det i ei ramme, og presangen er klar! No i desember har vi oppgradert nedlastingsløysinga vår slik at det er blitt enklare å finne nett det kartet du er ute etter.

Finn og last ned historisk kart her

Fargelegg heimstaden din

Fargeleggingsbøker med detaljerte mønster er svært så populært. Også kart har flotte, detaljerte mønster som eignar seg ypparlig til dette, og via nettsida vår kan du no lage eit fargeleggingskart frå kor som helst i landet. Ta utskrift av kartet - fargelegg! Lag eit lite hefte med fargeleggingskart frå heile landet til den ivrige fargeleggaren i familien.

Lag fargeleggingskart

Gi nødplakat

Ein nødplakat på hytta gjer det enkelt for nødetatane å finne fram når ein treng rask hjelp. På Kartverkets nettside kan du lage nødplakat for alle hus og hytter i heile Noreg, med koordinatar, stadnamn og kartutsnitt. Skriv ut, ramm inn, og du har en personleg gåve som kan redde liv.

Lag nødplakat

Kartverkets historie

Kartverkets historie, frå starten som Norges Grændsers Opmaaling til Norges geografiske oppmåling og dagens Kartverket, er no samla mellom to permar i historieverket «Med kart skal landet bygges». Det er også forteljinga om kartlegginga av landet vårt og om eit fagfelt i rivande utvikling. Boka kostar 300 kroner og kan tingast via Norsk kartmuseum.

Les meir om og bestill boka

Gåve til Kartverket

… og vi i Kartverket ynskjer oss ei julegåve frå alle der ute: Hjelp oss å halde kartet oppdatert ved å melde frå til oss gjennom «Rett i kartet» dersom du oppdagar noko som bør oppdaterast.

Gå til Rett i kartet