Kartverket har slutta å trykke papirkart og avviklar eige kartlager. I staden tilbyr Kartverket trykkeklare filer som forhandlarar kan skrive ut på førespurnad frå publikum («print on demand»).

Ynskjer du å kjøpe eit landkart eller sjøkart, kan du kontakte ein av forhandlarane våre. Sjå forhandlaroversikt her. Mange av karta vil også vere tilgjengelege i bokhandlarar ei god tid framover.

Norge 1:50 000

På landsida er det kartserien «Norge 1:50 000» som blir tilgjengeleg på førespurnad. Denne har fått ei ny kartbladinndeling med i alt 404 kart, mot tidlegare 212.

Sjøkart

Sjøkarta som blir skrive ut på førespurnad, vil vere oppdaterte til dags dato med alle meldingar som er melde gjennom «Etterretninger for sjøfarende» (Efs). Karta blir produsert som pdf-filer to gonger i månaden og blir plotta av forhandlarane.

Merk at eit sjøkart må vere oppdatert med dei siste Efs-meldingane for å vere eit gyldig navigasjonsprodukt, og at det vil kome nye utgåver av sjøkarta oftare enn før. Når eit sjøkart er kome i ny utgåve, vil tidlegare utgåver ikkje lenger vere gyldige og kan difor ikkje seljast i butikkar. I praksis kan dette innebere at nokre forhandlarar vil måtte kaste gamle utgåver.

Bli forhandlar!

Kartverket ynskjer gjerne at fleire blir forhandlarar som kan trykke kart på førespurnad («print on demand»). For å få meir informasjon eller søkje om å bli forhandlar, ta kontakt med Kartverket på tlf 08700 eller e-post post@kartverket.no.

Meir informasjon:

Ta kontakt med Kartverket om du har spørsmål (kontaktinfo i "Veiviseren")