I alt har Kartverket 1,3 millionar historiske flyfoto i sitt Sentralarkiv for flyfoto og satellittbilete på Hønefoss. Eit stort arbeid er i gang for å skanne og digitalisere bileta, og Kartverket legg fortløpande ut nye historiske flyfoto på nettsida «Norge i bilder» (www.norgeibilder.no), samstundes som respektive kommunar legg dei ut på heimesidene sine.

Krafttak

Etter eit krafttak det siste halvanna året er no over 20.000 flyfoto ferdig digitalisert og publisert på «Norge i bilder». Krafttaket er eit spleiselag mellom Kartverket, fylkeskommunar, kommunar og andre lokale samarbeidspartar. Dei største pakkane med historiske flyfoto er frå Møre og Romsdal (om lag 4400 bilete), Rogaland (om lag 3 800 bilete), Agder-fylkene (om lag 12.000 bilete).

Akkurat no er Kartverket i ferd med å avslutte skanninga av 14.000 flyfoto frå Hordaland og Sogn og Fjordane som skal publiserast neste år. Det ligg også ute historiske flyfoto mellom anna frå delar av Sør- og Nord-Trøndelag, Hedmark, Oppland, Vestfold, Buskerud og Troms.

Treng samarbeidspartar

Seksjonsleiar Hardy Buller i Kartverket karakteriserer dei historiske flyfotoa som ein kulturskatt og seier at han gjerne finn fram og publiserer flyfoto frå fleire kommunar og fylke.

- Vi har massevis av bilete i arkivet som vi gjerne skannar, tilrettelegg og publiserer. Men det kostar pengar, og vi er avhengige av lokale samarbeidspartar. For oss er det viktig å få gjort denne jobben så fort som mogleg. Negativa er allereie 50-70 år gamle, og dei blir forringa med åra, seier han.

Løyser eigedomstvistar

I haust har norske TV-sjåarar kunna gle seg over ei lang rekkje av Kartverkets flybilete i NRK-serien «Landet frå lufta», der dei er blitt brukt til å vise korleis landskapet har endra seg.

I tillegg til at det er spanande og interessant å sjå bildete av landskapet før og no, kjem dei historiske flyfotoa konkret til nytte til dømes i kommunal saksbehandling og i samband med eigedomstvistar. Eit flyfoto kan mellom anna dokumentere når eit bygg er sett opp eller ein veg er laga.

Forskar-mat

- I dag er det i aukande grad ynskjeleg med kontinuerlig overvåking av endringar i natur og samfunn. Vi har eit behov for å dokumentere dei endringane som skjer og kvifor dei skjer. Med dei historiske flyfotoa får kommunane tilgang til informasjon frå tidsepokar ein elles har lite eller svært lite data om, seier Buller.

Han fortel at dette unike kildematerialet blir nytta av forvaltarar og forskarar på ei rekkje område, mellom anna i samband med arealbruk i byar, tettstader og strandsoner, landskapsstudiar, skoggrenser, myr- og breforskning og miljøundersøkjingar.

Norge i bilder

«Norge i bilder» er eit samarbeid mellom Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Statens vegvesen og Kartverket. Nettstaden viser sist oppdaterte flyfoto for heile landet samt historiske flyfoto for delar av landet.