Kartverket og ei rekkje andre etatar har dei siste åra frigitt ei rekkje store datasett. Frå Kartverket er mellom anna kartgrunnlaget for den landsdekkjande kartserien Norge 1:50 000 (det nasjonale kartgrunnlaget), sentralt stadnamnregister, adresser og sjødata opna.

No blir eit nytt og spanande datasett med detaljerte høgdedata gratis tilgjengeleg for private verksemder, utviklarar og andre som til dømes kan nytte det til å lage nye tenester og appar. Det blir til gjennom eit spleiselag mellom åtte departement og ei rekkje etatar, med Kartverket som prosjektleiar.

- Viktige tenester

Det var kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner som kunngjorde frislippet då han vitja idekonkurransen og datatreffet #hack4no i helga.

- Alle data blir lagt ope ut. De som skal utvikle nye appar kan nytte dei saman med andre data og lage spel eller viktige tenester, sa Sanner.

3D-modell av Noreg

Det er data som blir samla inn i arbeidet med nasjonal detaljert terreng- og høgdemodell som no blir frigitt. Heile landet skal laserskannast dei nærmaste åra, og det skal lagast ein svært detaljert 3D-modell av Noreg. Denne vil styresmaktene nytte mellom anna i beredskapsarbeidet, til dømes til å teikne flomsoner mykje meir nøyaktig enn i dag.

I tillegg vil altså datasettet bli fritt tilgjengeleg for andre som er interessert i å bruke det og som til dømes kan nytte det til å lage sine eigne utrekningar og modellar. Eller dei kan nytte det til heilt andre ting. Til dømes eignar slike laserdata seg ypparlig til å oppdage nye gravhaugar og andre fortidsminne.

230.000 kvadratkilometer

I alt skal 230.000 kvadratkilometer laserskannast. Det første flyet var i lufta forsommaren, og så langt er det laserskanna nær 50.000 kvadratkilometer. Data frå desse flyturane, som dekkjer Østfold og Harstad, er allereie tilgjengeleg på nettsida hoydedata.no. Dei er tilgjengelege både både for nedlasting og i maskinlesbare grensesnitt (WMS-tenester).

Det som blir skanna i tida framover, vil fortløpande bli lagt ut.

Data som ligg inne på nettsida og i modellen frå før, som er samla inn gjennom eit spleiselag mellom Kartverket, kommunane og ei lang rekkje andre aktørar, er ikkje frigitt.

Sjå brukarrettleiing for å ta i bruk opne høgdedata (pdf)

Les meir