Norsk konferanse for IKT i offentlig forvaltning (NOKIOS) feira sitt 10-års jubileum då konferansen ble arrangert 1.-3. november. Kartverket var representert på ei rekke foredrag og workshoppar, og også då dei heldt kurs i kommunereform. Gjennom arbeidet med kommunereforma har Kartverket samarbeida godt med Arkivverket og PA Consulting som har utarbeida KS sin FoU-rapport «Digitale konsekvensar av en kommunesamanslåing». Både PA Consulting og Arkivverket har god kjennskap til samanslåingsprosessane og dei konsekvensane og muligheitene som følger.

SAMARBEID: Grete Kvernland-Berg, PA Consulting, og Anna Malmø-Lund, Arkivverket, gikk saman om presentasjon av prosessen for samanslåing. 

Erfaringar frå Trondheim kommune

Det var naturlig å be Trondheim kommune opne kurset, ikkje minst fordi Sør- og Nord-Trøndelag står ovanfor ei spanande tid med samanslåingar både på kommunalt og regionalt nivå. Ola-Eirik Klingen, rådgivar i Trondheim kommune, ga deltakarane ein status frå Trondheim kommune og dei erfaringane og tankane som dei har kring samanslåingane.
- Det er mange tilsette som jobbar på forskjellige måtar, og vi har å gjere med svært store datamengder. Samtidig som alle gamle data må oppdaterast og alt nytt skal inn, skal det også være buisness as usual, fortalde Klingeng.


Kom tidlig i gang

Grete Kvernland-Berg frå PA Consulting presenterte FoU-rapporten «Digitale konsekvensar av en kommunesamanslåing» som dei har utarbeida for KS. Her trakk ho fram fleire sentrale poeng, blant anna viktigheten av å komme tidlig i gang:
- Digital samanslåing er ressurskrevjande, og det lønner seg å komme tidlig i gang. Enkelte aktivitetar kan begynnast allereie under sondering av mulige kandidatar for samanslåing, forklarte Kvernland-Berg.

- Samanslåing presenterer også ei unik muligheit til å legge bort gamle løysningar og bygge ei ny og framtidsretta kommune. Kommunane bør nytte dette muligheitsrommet for å møte utferdingar og muligheiter framtida byr på.

INTENSIVE TIMAR: Dei godt 60 deltakarane fekk eit intensivkurs i erfaringar frå arbeidet med samanslåingar, her ved Anna Malmø-Lund i Arkivverket. 


Kartlegging er viktig

Kartverket ga deltakarane eit innblikk i dei erfaringane vi har gjort oss gjennom det siste året. Eit viktig moment er at kommunenummeret sitt djupt, djupare enn man kanskje først antar.
- Kommunenummeret sit som ein nøkkel, men så langt veit vi ikkje svaret på kor djupt. Vi oppfordrar derfor alle til å sjekke ut i eiget hus og kartlegge, fortalde Tiril Beatrix Uglum, kommunikasjonsrådgjevar ved Kartverket.


Arkivverket understreka også viktigheta av å kartlegge:
- Start arbeidet med å skaffe oversikt over kommunens arkiver og dokumentasjon så tidlig som mulig, oppfordra seniorrådgivar i Arkivverket og prosjektleder for kommunale arkiv i SAMDOK, Anna Malmø-Lund.

SAMARBEID: Kartverket, PA Consulting og KS og Arkivverket har samarbeida tett det siste året, her Tiril Beatrix Uglum, Kartverket, Jan Stensby, Kartverket, Grete Kvernland-Berg, PA Consulting og Anna Malmø-Lund, Arkivverket.


Både Arkivverket, Kartverket og KS har laga sjekklistar for kommunesamanslåing. Kartverket har inkludert oppgåver frå FoU-rapporten og Arkivverket i si sjekkliste.

Du kan lese meir om dei forskjellige sjekklistene og Kartverkets oppgåver her.

 


Her kan du sjå presentasjonen frå kurs i kommunereform på NOKIOS 2016 (.pdf)


Les meir om Kartverkets kommunereformprosjekt på kommunereformsidene.