Gjennom geografiske informasjonstenester og samansette kartvisningar skal arealverktøyet effektivisere og gi støtte til den arealbaserte forvaltinga av norske havområde. 

Utviklinga av arealverktøyet blir leia av BarentsWatch, i tett samarbeid med Miljødirektoratet og Kartverket. Ein første versjon, basert på eksisterande datagrunnlag, blei publisert tysdag 15. november 2016.

Oversikt og større openheit

Verktøyet skal på sikt gi ein oversikt over dei politiske vedtaka og tiltak knytt til arealbruken, i tillegg til oversikt over miljøverdiar og næringsaktivitetar. Dette igjen bidreg til større openheit og styrking av dei interessegruppene som medverking i havforvaltninga vedkjem.

Målgruppa for denne første versjonen av arealverktøyet er partar i BarentsWatch, offentlege verksemder og departement med ein rolle i havforvaltinga. Deler av løysinga vil også være offentlig tilgjengeleg.

Demonstrasjon av arealverktøyet

Demonstrasjon av versjon 1.0 av arealverktøyet inneheld informasjon om: 

  • Utarbeide rapport om arealbruk
  • Eksportere, lenke, vise teiknforklaring, vise tid, miljøverdiar og andre data om arealbruk frå dei ulike sektorane
  • Interaktiv informasjon om arealbruk
  • Sjå variasjonar i årstid for miljøverdi, skipstrafikk, fiskeri
  • Måle avstandar og areal
  • Analysere tidspunkt og stad
  • Samarbeide om kart
  • Lagre og dele kartsamansettingar og jobbe med desse over tid i arbeidsgrupper
  • Kommentere og notere i kart og lagre dette 

Datagrunnlag

Løysinga baserar seg på de dataa og tenestane som er tilgjengeleg. Datagrunnlaget støttar i ulik grad dei funksjonane brukarane har etterspurd, og som Arealverktøyet versjon 1.0 tilbyr.

Kartverket leier eit større arbeid i samarbeid med etatane for å få fram innhald og tenester slik at behova kan løyast på sikt.

Organisering av prosjektet

Det er Havforum, eit faglig forum for norske havområde, som er bestillar av arealverktøyet.
Les meir om deltakarane i Havforum.

Miljødirektoratet er prosjekteiar og ansvarleg for brukarhistorier.

Kartverket er ansvarleg for datagrunnlaget. Det inneber at Kartverket skal legge til rette for at etatanes datasett og tenester skal bli tilbydd harmonisert slik at dei kan gjenbrukas og er kompatible. Jobben til Kartverket har vore å analysere datagrunnlag hos dataeigarane, lage GAP-analysar og bidra med nødvendig bistand for at datasett og tenester skal bli tilbydd gjennom den nasjonale infrastrukturen, Geonorge.no.

BarentsWatch er ansvarleg for den tekniske løysinga til arealverktøyet, som hentar tenester og metadata frå Genorge.no. Dei står også for mye av finansieringa i prosjektet.

Les artikkelen "Arealverktøy offentlig tilgjengelig" på barentswatch.no.

Kontaktpersoner i Kartverket

Njål Tengs Abrahamsen
Avdelingsdirektør for marin infrastruktur-avdeling
Kartverket sjødivisjonen
Tlf. 51 85 88 60
E-post: njal.tengs.abrahamsen@kartverket.no

Sissel Kanstad
Kommunikasjonsrågivar
Kartverket
Tlf. 51 85 88 28 / 995 13 848
E-post: sissel.kanstad@kartverket.no