Det er utfordrande og svært tidkrevjande å sjømåle med båt i dei grunne områda frå 0 ned til 5 meters djup, slik ein gjer i dag. Det blir dessutan alltid ståande att ei glipe mellom sjø og land.

– Dersom luftboren laser kan brukast til å måle dei grunnaste områda får ein derimot ein saumlaus innsamling av data. Då vil ein kunne produsere saumlause geodata/ terrengmodellar for sjø og land, seier Hilde Sande, prosjektleiar for TopoBaty 2014.

Laseren ser stort sett det vi ser – og litt til

For topobatymetriske målingar brukar ein grøn laser som er sagt å gje data ned mot 10 meters djup.
Vasskvaliteten og botnforhold er sjølvsagt viktige faktorar for kor gode laserdata ein får.
Dette er berre to av dei mange faktorane rundt lasermåling av kystsona der prosjektet skal samle nødvendig kunnskap for å seinare kanskje kunne planlegge storskala målingar.

Testområde
OmrådeArealUtfordring
Lyngholmen 1,9 km2 testfelt
Hellesøy 3 km2 testfelt
Eigerøy 2,4 km2 testfelt
Hafrsfjord 6,7 km2 Noko dårlegare vasskvalitet, innflygingssone
Solastranden 3,5 km2 Strandsone med brytande sjø, innflygingssone
Gandsfjorden 6,5 km2 Tettbygd område
Frafjord 1,5 km2 Bratt strandsone, elveos
Hundvåg 0,4 km2 Båthamn
Tungnes 0,9 km2 Tunge bølgjer, sjøbryting
Karmøy 3,6 km2 Aktuelt for bruk i produksjon av sjøkart

Laserinnsamling

Danske NIRAS vann anbodskonkurransen for laserprosjektet TopoBaty 2014. NIRAS sin underleverandør Airborne HydroMapping (AHM) har stått for sjølve flyginga. Systemet som har vore brukt er i utgangspunktet utvikla med tanke på overvaking av elvebotn og bredder, men også til bruk i kystsona.

Alle innsamla data har blitt prosesserte av NIRAS saman med AHM. Rapporten som NIRAS leverer skal gje anbefalingar og vurderingar knytt til vidare lasermåling av kystsona i større skala.

Kartverket vil også gjere sine vurderingar av laserdataa. Endeleg rapport er ikkje ferdig endå, denne skal etter planen leverast i november. Dette blir viktige resultat for prosjekt som ny nasjonal detaljert høgdemodell og kyst-Mareano. Dersom ein konkluderer med at slik laserinnsamling gjev gode nok data, kan ein meir storskala innsamling i Troms fylke bli det neste steget.

(Artikkelen fortset under bileta.)

Topografi er terrengforhold på land. Batymetri skildrar forholda under vatn. Bilete vis ein topobaty-modell frå testområdet i Hafrsfjord. Kjelde: NIRAS/AHM

Grøn punktsky som viser innsamla data frå område omkring Hafrsfjord bru i Rogaland. Kjelde: NIRAS/AHM

Skuggerelieff av land, havbotn og elveleie innerst i Frafjorden i Rogaland. Kjelde: NIRAS/AHM

TopoBaty-seminar

Onsdag 24. september inviterte Kartverkets sjødivisjon eksterne interessentar til seminar om datainnsamling med laser i kystsona, basert på TopoBaty 2014-prosjektet. Seminaret vart helde i Stavanger.

Innsamla data frå pilotprosjektet TopoBaty 2014 og leverandørane NIRAS/AHM sine vurderingar og konklusjonar blei presentert. Etterpå var det ein diskusjon om kvalitet, bruksområde og nytteverdi av slike laserdata mellom deltakarane, Kartverket og leverandør av laserdataa.

Delkarar på seminaret var representantar frå planavdelinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Miljødirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), Norges Geologiske Undersøkelse (NGU), Kystverket, E-tjenesten, Havforskningsinstituttet, Stavanger kommune, Sola kommune, Gjesdal kommune og fylkesmannen i Rogaland. Elles deltok også representantar frå Kartverket, NIRAS og AHM.

Sjå program frå seminar – TopoBatay 2014.

Presentasjonar frå seminar

Presentasjon av teknologi og data frå NIRAS og Airborne Hydro Mapping (AHM) (pdf 17 MB), Frank Steinbacher, CEO i AHM

Presentasjon av resultat og vurderingar frå NIRAS og Airborne Hydro Mapping (AHM) (pdf 10 MB), Frank Steinbacher, CEO i AHM

Nedlasting av data

NIRAS, i samarbeid med AHM, har prosessert, støyreinse og klassifisert datasetta.

Data frå prosjektet vil bli gjort gratis tilgjengeleg.

Dataleveransar

  • Punktsky som LAS-filer
  • Terrengmodellar
  • Råbilete frå RGB-kamera
  • Termiske (infraraude) bilete
  • Rådata (wave form-data) frå nokre område. 

Datasetta er gjeve til NN1954, sjøkartnull eller ellipsoide (GRS80).

Kontaktpersonar

Senioringeniør Hilde Sande
prosjektleiar for TopoBaty 2014
hilde.sande@kartverket.no
51 85 88 25

Herman Iversen
Prosjektdirektør i Kartverkets sjødivisjon
herman.iversen@kartverket.no
51 85 88 94 / 934 26 612

Sissel Kanstad
Kommunikasjonsrådgjevar i Kartverkets sjødivisjon
sissel.kanstad@kartverket.no
51 85 88 28 / 995 13 848