Innspel til rullering av planen for perioden 2018-2021

Det er igjen tid for å starte arbeidet med revisjon av geodataplanen for Møre og Romsdal. Utgåva som skal lagast i år vil gjelde for perioden 2018-2021. Gjeldande versjon finn du i lenkja under:

Geodataplan for Møre og Romsdal 2017-2020.

Kartverket Molde er sekretariat for utvalet, og ber om å få innspela innan 1. september i år for å kunne leggje fram eit utkast for behandling i utvalet. Rundt 1. oktober sender Kartverket forslaget til ny plan på høyring til partane. Fylkesgeodatautvalet behandlar og vedtar endeleg plan på haustmøtet som i år er satt til 24. oktober.

Kontaktinformasjon

Innspel sendast per e-post til Sverre Steinnes, sjå kontaktinformasjon i Veiviser.