NN2000 i Møre og Romsdal

I 2014 målte vi Sunnmøre sør og Sunnmøre nord, medan Romsdal og Nordmøre vart målt hausten 2015. Det gjenstår framleis nokre målingar, i form av nivellement og vasstandsoverføringar for at formelen for alle kommunane skal bli komplett.

Overgangen for kvar einskild kommune vil i størst mogleg grad gå føre seg i samband med FDV-runden (vedlikehald av FKB) i 2016 og 2017.

FKB-data blir då konvertert til NN2000 og lagt ut på Norge digitalt distribusjonsserver for nedlasting, etter kvart som dei er klare. Laserdata blir konvertert til NN2000 og lagt inn i den nye forvaltningsløysinga for laserdata.

Tidspunkt for overgang

Tabell med planlagt overgangsdato for kvar kommune. Det kan kome justeringar på tidspunkt, det vil då bli publisert her.

 

Kommunevis overgang til NN2000
GeovekstprosjektKommunarDato for overgang
NN2000 - Sunnmøre sør - LACHMRN1 Ørsta og Volda Gjekk over 22. april 2016
Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven Mars 2017
NN2000 - Sunnmøre nord - LACHMRN2 Ørskog, Skodje og Vestnes Gjekk over 22. april 2016
Rauma, Norddal, Stordal, Stranda og Sykkylven Gjekk over 1. juli 2016
Ålesund, Sula, Haram og Sandøy Mars 2017
Giske Gjekk over 15. mars 2017
NN2000 - Romsdal - LACHMRN3 Misund Ca. 1. januar  2018
Aukra, Fræna og Eide Gjekk over 1. september 2016
Molde Gjekk over 20. oktober 2016
Averøy og Nesset Gjekk over 15. november 2016
Gjemnes Gjekk over 28. november 2016
NN2000 - Nordmøre - LACHMRN4 Kristiansund og Tingvoll Gjekk over 15. november 2016
Sunndal Gjekk over 28. november 2016
Surnadal, Rindal, Halsa og Aure Gjekk over 15. desember 2016
Smøla Ca. 1. januar  2018