Eigedomsdivisjonen i Kartverket vart oppretta 1. januar 2017 ved å slå saman matrikkel- og stadnamnavdelinga i Landdivisjonen og den tidlegare Tinglysingsdivisjonen. Med det er det eigedomsfaglege miljøet i Kartverket knytt nærare saman, og arbeider for ytterlegare kvalitetsheving av eigedomsdata og samordna eigedomsinformasjon for publikum.

Tinglysing

Tidlegare var det dei lokale domstolane som hadde ansvar for tinglysing i Noreg. I perioden 2004-2009 vart dette overført til Kartverket. Kartverket, ved Eigedomsdivisjonen, er i dag nasjonal tinglysingsstyresmakt med ansvar for føring og formidling av data frå grunnboka for fast eigedom og andelar i burettslag.

Juridisk teneste ligg under divisjonen, og er ansvarleg registerførar for tinglysingsområdet. I tillegg yter tenesta juridisk bistand til dei andre divisjonane og ansvarsområda til Kartverket.

Matrikkelen

Eigedomsdivisjonen har også ansvar for matrikkelen, det nasjonale eigedomsregisteret, som blir oppdatert fortløpande i samarbeid med kommunane. Matrikkelen inneheld informasjon og kart over alle eigedomar, adresser og bygningar i Noreg.

Kommunane er lokal matrikkelstyresmakt og skal føre inn opplysningar i registeret. Kartverket er sentral matrikkelstyresmakt og skal sørge for utvikling, drift og forvalting av matrikkelen.

Stadnamn og administrative grenser

Eigedomsdivisjonen fastset skrivemåten i stadnamnsaker, og driftar det sentrale stadnamnregisteret (SSR). I tillegg har divisjonen forvaltingsoppgåver knytt til administrative grenser, som kommune- og riksgrenser.

Kundesenter i Ullensvang

Eigedomsdivisjonen har ein seksjon i Ullensvang som driftar kundesenteret til Kartverket. Kundesenter svarer på spørsmål frå publikum innanfor heile ansvarsområdet til Kartverket.