Stadnamn, grenser, historiske kart

Divisjonen ivaretar forvaltingsoppgåvene knytt til lov om stadnamn og administrative grenser, og tar vare på historisk kart- og flyfotomateriale.

Landdivisjonen driftar også eit register over luftfartshindre.

Matrikkelen

I tillegg har divisjonen ansvar for matrikkelen, det nasjonale eigedomsregisteret, som blir oppdatert fortløpande i samarbeid med kommunane. Matrikkelen inneheld informasjon og kart over alle eigedomar, adresser og bygningar i Noreg.

Kommunane er lokal matrikkelstyresmakt og skal føre inn opplysningar i registeret. Kartverket er sentral matrikkelstyresmakt og skal sørge for utvikling, drift og forvalting av matrikkelen.

Vidare skal Kartverket gjennomføre opplæring, rettleie og føre tilsyn med korleis kommunane fører inn i matrikkelen.

Kart og kartdata

Divisjonen har ansvar for å halde ajour og forvalte dei nasjonale kartdatabasane N50-N5000 Kartdata, topografisk hovudkartserie Norge 1:50 000, landsdekkande terrengmodell, vegdatabasane Vbase og Elveg, samt koordinering og drift av Nasjonalt program for omløpsfotografering.

Tolv fylkeskartkontor

Landdivisjonen held til ved hovudkontoret til Kartverket på Hønefoss, men har også tolv fylkeskartkontor – frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord.

Fylkeskartkontora samordnar arbeidet med geografisk informasjon som dei ulike kommunane og etatane gjer lokalt.

Koordinator

Landdivisjonen har viktige koordineringsoppgåver knytt til samordning av, og tilrettelegging for, arbeidet med plan-, areal-, miljø- og samfunnsinformasjon, både nasjonalt og ute i fylkene. Dette er eit samarbeid mellom kommunar, fylke og andre offentlege verksemder.