Geodesidivisjonen har ansvaret for det nasjonale geodetiske grunnlaget, som er grunnlaget for all fastsetjing av posisjon, oppmåling, kartlegging og jordobservasjon.

Kartverket bidrar også til ei einsarta, global referanseramme, mellom anna gjennom det geodetiske observatoriet i Ny-Ålesund på Svalbard. 

Divisjonen held til ved hovudkontoret til Kartverket i Hønefoss.

Referanserammer

Divisjonen måler og fastset også nasjonale referanserammer for koordinatar, høgdereferanseflater, høgdegrunnlaget og landheving.

Posisjonstenester

Geodesidivisjonen driftar eit nasjonalt system for nøyaktig satellittbasert stadfesting av posisjonar.

Posisjonstenestene kan fastsetje posisjonen på centimeteren (CPOS) og blir mellom anna nytta  i anleggsbransjen for å definere nøyaktig kor ein skal grave. Tenestene blir også nytta ved fastsetjing av eigedomsgrenser.

Jordobservatorium

Det geodetiske observatoriet til Kartverket i Ny-Ålesund på Svalbard har ei nøkkelrolle i arbeidet med referanserammer og det globale samarbeidet om overvåking av jordkloden. Data frå observatoriet er også viktige i samband med overvakinga av havnivåendringar som følgje av klimaendringar. Observatoriet leverer også data som bidrar til å overvåke landheving, havstraumar og jordas massebalanse.