Fellesnemnaren for oppgåvene til Kartverket er geografisk, eller stadfesta, informasjon, anten det handlar om datamengdene som ligg til grunn for eit kart, om stadnamn, eigedomsgrenser eller tinglyste rettar knytt til ein stad.

Kartverket, eller Statens kartverk som er det fulle namnet i formelle samanhengar, samlar inn, systematiserer, forvaltar og vidareformidlar offentleg geografisk informasjon. Konkret inneber det mellom anna at Kartverket har ansvar for og leverer følgjande:

  • Nasjonalt geodetisk grunnlag: Kartverket har ansvar for stadfestingsgrunnlaget som kart- og oppmålingsarbeida i Noreg byggjer på
  • Posisjonstenester: Tenester som fastset nøyaktig, satellittbasert posisjon
  • Digitale kart: Kartverket produserer og forvaltar nasjonale digitale kartseriar (land- og sjøkart)
  • Tinglysing: Tinglysing i fast eigedom og andelar i burettslag
  • Eigedomsinformasjon: Kartverket driftar dei nasjonale registra for offentleg eigedomsinformasjon (matrikkelen og grunnboka)
  • Stadnamn: Forvaltar det nasjonale stadnamnregisteret
  • Standardar: Nasjonale standardar for kart og geografisk informasjon
  • Elektronisk sjøkartteneste: Driftar den internasjonale elektroniske sjøkarttenesta Primar

Geodatakoordinator

Kartverket har også ei viktig rolle som nasjonal geodatakoordinator. Det inneber at Kartverket leier og samordnar arbeidet med den nasjonale geografiske infrastrukturen i Noreg.

Dette skjer i nært samarbeid med kommunane og andre offentlege leverandørar og brukarar av geografisk informasjon gjennom Noreg digitalt-samarbeidet.

Les meir om Noreg digitalt-samarbeidet.

Divisjonane i Kartverket

Kartverket har om lag 850 tilsette og er organisert i fire divisjonar:

Sjå organisasjonskartet til Kartverket.

Øvste leiar for Kartverket er kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup. Ho og resten av leiinga i Kartverket er presentert i ein eigen artikkel.

Internasjonalt arbeid

Kartverket deltar i ei rekkje bistandsprosjekt som bidrar til betre kartlegging og eigedomsregistrering i utviklingsland og andre land som treng hjelp til dette.

Les meir om bistandsarbeidet til Kartverket, som skjer i regi av Senter for eiendomsrettigheter og -utvikling.

Kartverket deltar også  i og samarbeider med ei rekkje internasjonale organisasjonar, som International Hydrographic OrganizationESA, ISO og NASA.

Kartverket har operatøransvar for den internasjonale sjøkarttenesta Primar som leverer offisielle elektroniske sjøkart til internasjonal skipsfart på vegner av meir enn 50 nasjonar.

Kartverket er på nokre område leiande innafor standardisering og regelverksutvikling, og har levert viktige bidrag til den internasjonale utviklinga.

Her held Kartverket til

Hovudkontoret til Kartverket er på Hønefoss, men Kartverket er også representert rundt omkring i landet med i alt tolv fylkeskartkontor.

Landdivisjonen, geodesidivisjonen og eigedomsdivisjonen held til i hovudkontoret på Hønefoss, medan sjødivisjonen ligg i Stavanger og kundesenteret i Ullensvang.

Kartverket har også eit jordobservatorium som ligg i Ny-Ålesund på Svalbard.

Sjå kor vi held til i kartet på om-oss-sidene våre.

Meir adresse- og kontaktinformasjon og kart over hovudkontoret i kontakt-oss-artikkelen vår.

Jobbe i Kartverket

Les meir om korleis det er å jobbe i Kartverket og kva for stillingar som er ledige her akkurat no.