Det er ikkje snakk om store endringar i våre fylke. Høgdene i NN2000 får verdiar som avviker frå -14 cm  til  + 4 cm frå verdiane i NN1954 for Hordaland og frå -13 cm til +19 cm for Sogn og Fjordane. Det er imidlertid store datamengder som er konvertert. 

Kartverket har konvertert FKB-data og laserdata, medan kommunane sjølv må konvertere LedningVA.

Om prosjekta

I våre område har det vore gått nye nivellement der det før var mangelfulle målingar. Det har óg vore manglande kontroll på måling på tvers av fjordar og lokalt varierande kvalitet på overføringane over fjordar og ut på øyar. I prosjekta vart det gjort tilleggsmålingar i utvalde punkt i landsnettet. Dette for å sikre grunnlag for kommunevise transformasjon av felles kartdatabase, laserskanningar og geovekstpartane sine spesielle plan- og geodata.

Ei viktig oppgåve i prosjekta er óg å få fram grunnlag for korreksjon av GNSS-målte høgder til fysiske høgder. Siktemålet er at høgdereferanseformelen i bebygde område skal vera så detaljert at feilen i korreksjon av målte høgder blir under 1 cm. Det betyr at GNSS kan brukast også til høgdemåling til dei fleste praktiske formål.