Grunnkrinsar

Kommunane er delt inn i mindre grunnkrinsar. Inndelinga er laga for å kunne rekna statistikk på eit meir detaljert nivå. Det er Statistisk sentralbyrå som står bak grunnkrinsane.

Det er viktig at det ikkje skjer for mange endringar i inndelinga, så ein kan nytta grunnkrinsane til å sjå statistiske endringar over tid. SSB vedtek endringar i grunnkrinsinndelinga basert på søknad med forslag frå kommunen.

Stemmekrins/Valkrins

Ved val blir kommunane delt inn i mindre stemmekrinsar (i matrikkelen kalla valkrins). Det skal vere ei praktisk inndeling med tanke på gjennomføring av valet, men stemmekrinsane blir òg nytta til valstatistikk. Stemmekrinsane er av svært varierande storleik, og dei endrast ofte før eit val.

Kyrkjelyd

Kyrkja har si eige administrative inndeling. Kyrkjelyd er den minste eininga, og er eit distrikt som femner alle døypte kyrkjemedlemmar innan det avgrensa området. Det kan vere fleire kyrkjelydar i ein kommune. Fleire kyrkjelydar dannar eit prosti. Øvst er bispedøme, som er satt saman av fleire prosti.

Postnummerområde

Posten har òg si eige administrative inndeling, som går på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Inndelinga består av postsone som øvste nivå, dernest postregion. Så kjem postområde, og minste eining er postnummerområde.

I Se eiendom kan du få informasjon om viss grunnkrins, kyrkjelyd, valkrins og postnummerområde du bor i.

Grunnkrinsane blir utgjeve i datasett frå Kartverket.

Grunnkrinsar og Posten sine postnummerområde kan ein laste ned her.

Korleis endre krinsar ved samanslåing av kommunar