Partar som det gjeld, til dømes kommunen eller grunneigarar, kan søkje om endring av kommunegrensa. Fylkesmannen handsamar kommunegrensesaker der partane er samd om grensa. Viss området også er under utreiing vedkomande kommunesamanslåing, bør grensejusteringa handsamast i lag med denne.

Sjå meir om inndelingslova, som regulerer endringar på kommune- og fylkesgrenser.
Mynde til Kongen delegert til departementet.
Mynde til Kommunal- og moderniseringsdepartementet delegert til fylkesmannen.

Ulike typar fastsetjing

Som fastsette grenser vert rekna avgjerder gjort som følgjer:

  1. Lov (Stortingsvedtak)
  2. Regjeringa i statsråd/kongeleg (ev. kronprinsregenten sin) resolusjon
  3. Fylkesmannen
  4. Jordskifteretten
  5. Dom i rettssystemet (heradsrett, lagmannsrett, høgsterett)
  6. Kommunal kartforretning

Dei tre sistnemnde fastsetjingstypane tek som regel berre stilling til sjølve eigedomsgrensa si gang, og gjeld ikkje administrativ tilhøyrsel. Det er berre styresmakt nemnt i punkta 1-3 som har heimel til å fastsetje administrative grenser. Men viss den aktuelle eigedomsgrensa som er handsama gjeld for eigedomar matrikkelførde i ulike kommunar eller fylke, vert grensa òg indirekte ei administrativ grense.

Kommunegrenser i sjø

Ved kommunesamanslåing av kystkommunar, er det naudsynt å sjå på den nye kommunen sine grenser i sjø, og mogeleg gjere tilpassingar til gjeldande grunnline og territorialgrense.

Grunna økt aktivitet i sjøområde og kommunanes ansvar for planlegging i kystsona, er det naudsynt med betre definerte grenser i sjø.