Grenseendringar

Den 1. januar 2017 vert dei tre kommunane Stokke, Andebu og Sandefjord i Vestfold til ein kommune med namn Sandefjord. Fire nye kommunesamanslåingar er vedtekne gjennomførd ved årsskiftet 2018. Sjå meir om kommunereforma.

Andre typar grenseendringar kan vere forårsaka av endra vegstruktur, større utbyggingar i grenseområde eller jordskiftesakar. Inndelingslova regulerer endringar på administrative grenser.

Komplett liste over fylke og kommunar med nummer og offisielt namn.

Kor går grensa

Kommune- og fylkesgrenser skal i hovudregelen fylgje eigedomsgrensene. Vår kjelde til dei administrative grensene, som dei og er kalla, er difor matrikkelen. Viss ei eigedomsgrense og er ei kommune- eller fylkesgrense, vil det vere særskilde lovar eller prinsipp som gjeld.

Kartverket har om mogleg det mest samla grensearkivet over endringar og fastsetjingar på administrative grenser. For nokre jordskiftesakar kan arkivet vere ei kjelde til grensedokumentasjon. Kanskje finn vi noko om di grense?

Historiske grenser

Med litt leiting kan ein finna administrative grenser på nokre av dei historiske karta. Kanskje høyrte din eigedom til ein annan kommune før i tida? Historiske oversynskart over alle Noregs kommunar kan nyttast for å sjå større endringar i inndelinga over tid.

Kommunestrukturen si historiske utvikling.

Statistisk sentralbyrå har utarbeidd ein historisk oversyn over endringar i kommune- og fylkesinndelinga (pdf).

Sjå kommunane i kart

Kartverket forvaltar og formidlar data over kommune- og fylkesgrenser. Du kan sjå dei i Norgeskart, eller laste ned illustrasjonskart. Er du meir interessert i detaljane på eigedomsgrensenivå, kan Se eiendom nyttast.

Har du GIS-kunnskapar, kan du sjølv laste ned SOSI-filer. Eller du kan nytta WMS-tenesta vår til å sjå grensene i lag med eigne kartdata. http://wms.geonorge.no/skwms1/wms.abas?