Tyngdekrafta eller gravitasjonskrafta jorda har, held oss klistra til jorda - men kor sterk ho er, varierer.
Det er til dømes større tyngdekraft nærare polane enn nær ekvator, blant anna fordi jordrotasjonen fører til ei flattrykking av jorda ved polane. Det er også store lokale variasjonar på fjell og innsjøar.

Jordobservasjon og kartlegging

Kartverket har ansvaret for å lage eit stabilt utgangspunkt; referanserammer for geografisk informasjon i Noreg.

Om referanserammer

Dette blir brukt i all kartlegging, oppmåling og GPS-posisjonstenester. Måling av tyngdekraft gjev ein forbetra høgdereferanse, som er eit nødvendig utgangspunkt når vi skal byggje vegar, bruer, bygningar.

Måling av tyngdekraft er også viktig for å kunne overvake jorda og klimaendringar. Vi kan sjå at tyngda forandrar seg heile tida. Dei viktigaste årsakene er påverknaden månen og sola har på jordskorpa, den såkalla tidejordeffekten. Vi kan også overvake landheving og endringar i snø, is, permafrost og grunnvatn med tyngdemålingar.

Instrument for tyngdemåling

Tyngdedata blir i dag samla inn med ei rekkje ulike typar måleinstrument for å dekkje fleire ulike behov.

Tradisjonelt bruker vi små transportable instrument som måler relative forskjellar i tyngdeakselerasjonen. Det vil seie at vi går ut frå eit punkt med ein kjend tyngdeverdi og måler så differansen i forhold til dette. Denne typen målingar blir omtalt som relativ-målingar og er nytta for å samle inn tyngdedata for norske landområde.

Måling av tyngdekraft gir en forbedret høydereferanse.
 

Tyngda på fjordane

Kartverket måler også fjordane og har gjennomført tyngdemålingar i blant anna Sognefjorden, Oslofjorden og Trondheimsfjorden. Målingane i Sognefjorden gav oppsiktsvekkjande resultat og viste at tyngda ute på fjorden er mindre enn det vi kan måle frå land. I 2012 målte Kartverket også ein innsjø for første gong. Tyngdekrafta på Mjøsa blei kartlagt med eit sjøgravimeter på DS Skibladner.

For havområda har Kartverket utført målingar i det nye Barentsområdet, i arktiske strok i havområda rundt Svalbard og i dei kystnære områda. Oljeselskapa har kartlagt tyngdefeltet for store delar av norsk sokkel. Kartverket gjennomfører også tyngdefeltmålingar i samband med Mareano-prosjektet. No blir det også gjennomført målingar i Antarktis og rundt Troll-basen. Kartverket bruker sjøgravimetri og flygravimetri til å måle tyngdefeltet i havområda og i fjordane.

Registrerer jordskjelv

Når vi ønskjer å måle tyngde og overvake endringar i tyngde ekstremt nøyaktig, bruker vi eit såkalla superleiande gravimeter. Kartverket har eit slikt instrument permanent ved det geodetiske jordobservatoriet i Ny-Ålesund på Svalbard. Med dette instrumentet kan vi sjå at tyngda forandrar seg heile tida, og det er så fintfølande at det kan registrere jordskjelv over heile kloden.

Dei relative instrumenta som sjøgravimeter og superleiande gravimeter må kalibrerast ved hjelp av eit absolutt gravimeter. Eit slikt instrument blir også brukt til å bestemme endring i tyngde over tid. Dette kan kombinerast med GPS-observasjonar og gjev informasjon om geofysiske prosessar i jorda, slik som landheving.