EUREF 89

EUREF89 er ei regional referanseramme for Eurasia (tektonisk jordplate). Den blei tilgjengeleg i Noreg i 1997 gjennom det vi kallar Stamnettet som består av ca. 1000 fastmerke i Noregs hovudland. Stamnettet blei seinare fortetta med Landsnettet. Landsnettet består av ca. 11 000 punkt, og blei fullført i 2008.

EUREF89 er etablert for å erstatte dei tidlegare referanserammene NGO1948 og ED50. Koordinatane blir uttrykte som kartplankoordinatar, N (nord) og E (aust), i ein spesiell Merkatorprojeksjon som blir kalla UTM (Universal Transversal Mercator).

Noregs hovudkartserie i målestokk 1 : 50000, N50, bruker EUREF89 som referanseramme.

EUREF89 er frå 2009 tatt i bruk i alle kommunane i landet til kartlegging og anna stadfesting av data.

ITRF - International Terrestrial Reference Frame

ITRF er ei global referanseramme som blir gjeven ut av International Earth Rotation Service (IERS).

ITRF referanserammer blir realiserte ved at målingar frå permanente GPS-stasjonar over heile jorda blir brukte til å rekne ut koordinatar i stasjonane. I tillegg må ein nytte VLBI (Very Long Base Interferometry) og SLR (Satellite Laser Ranging).

Statens kartverk bidreg i dette med sin VLBI-stasjon i Ny-Ålesund, og fleire permanente GPS-stasjonar. IERS har realisert referanserammer sidan 1988.

Den siste realiseringa av ITRF heiter ITRF2008. Forskjellen mellom dei ulike ITRF-realiseringane ligg i centimeterområdet. Koordinatane blir uttrykte i geosentriske koordinatar X,Y,Z. På grunn av forskjellige geofysiske prosessar er alle punkt på jorda i rørsle sett i forhold til ei global referanseramme. Ei global referanseramme må difor i tillegg til koordinatar også gje verdiar for tektoniske hastigheiter for stasjonen, Vx, Vy,Vz..

WGS84

WGS84 er ei referanseramme som blir gjeven ut av NIMA (National Imagery and Mapping Agency), ein organisasjon under forsvarsdepartementet i USA.

Forskjellen mellom WGS84 og ITRF er i cm-området. GPS-systemet gjev koordinatar i WGS84. Det blir realisert nye WGS84 referanserammer som for ITRF, men referanserammenamnet, WGS84, blir ikkje endra.

NN1954 - vertikal referanseramme / høgdegrunnlag

Dette er høgdegrunnlaget i dag og referanseramma for høgder i Noreg. NN1954 ("normal null av 1954") er ikkje korrigert for landheving dei siste femti åra og skal difor erstattast med eit nytt høgdesystem; NN2000.

NN2000 - vertikal referanseramme / høgdegrunnlag

Kartverket arbeider no med å innføre eit nytt høgdesystem, NN2000. Alle målingar som blir brukte til å realisere systemet, er korrigerte til år 2000. Det tyder at all landheving framover blir korrigert med moderne utrekningsteknologi (landhevingsmodell). Vi innfører eit høgdesystem som vil vare i mange år, utan behov for endringar.

 

Tidlegare referanserammer


NGO1948

NGO1948 er ei lokal referanseramme (geodetisk datum) for Noreg som ikkje lenger er i bruk. Ho er no erstatta av EUREF89. Økonomiske kartseriar (målestokk 1 : 5000 og 1 : 10000) brukte denne referanseramma.

ED50

ED50 er ei regional referanseramme (geodetisk datum) som dekkjer Europa. ED50 har vore tilgjengeleg sidan 1950 og Noregs hovudkartserie i målestokk 1 : 50000, N50 (tidlegare M711) brukte tidlegare denne referanseramma. No blir N50-serien gjeven ut med referanseramme EUREF89.