Stamnettet og landsnettet består av i alt 12 000 punkt.


Målingane av stamnettet blei utført i åra 1994–1997 under Geovekst-avtalen etter at Kartverket innførte EUREF89 som ny nasjonal referanseramme (geodetisk datum) frå 1. januar 1993. Det blei samtidig avgjort å byggje opp eit nytt geodetisk grunnlagsnett i EUREF89 basert på GPS-teknologi. 

Landsnettet blei etablert i perioden 1997–2008 og består av eksisterande trekantpunkt, kommunale punkt og nyetablerte punkt. Dei andre punkta til Kartverket, som ikkje er del av stamnettet eller landsnettet, blir kalla trekantpunkta.

I alle stamnett- og landsnettpunkt er det rekna ut både ellipsoidisk og ortometrisk høgde. I alle trekantpunkt reknar ein ut ortometrisk høgde. Den ellipsoidiske høgda blir referert til EUREF89, den ortometriske til høgdegrunnlaget NN1954. Ved utrekning av den ortometriske høgda er det brukt ein høgdereferansemodell (HREF) for å korrigere for den ellipsoidiske høgdeforskjellen til NN1954.

Nytt høgdegrunnlag NN2000

Kartverket innfører no eit nytt høgdegrunnlag. Høgdene på alle fastmerka kjem difor til å få nye verdiar.

Les meir om innføringa av nytt høgdegrunnlag.

Posisjonstenestene tar over

Ved etableringa av stamnettet og landsnettet blei det tatt omsyn til brukarane sine behov i den aktuelle tidsperioden. Punkta blei valde ut frå kriterium som lett tilgjenge, stabil fundamentering, varig etablering og best moglege forhold for GPS-måling.

Fastmerka i stamnettet og landsnettet er framleis ein viktig del av det geodetiske grunnlaget, men behovet for fastmerke er mindre enn tidlegare fordi posisjonstenester dekkjer ein stor del av bruksområdet fastmerka har.

Nivellementsnettet

Nivellementsnettet består av om lag 31 000 fastmerke fordelte i 93 prosent av kommunane i landet og har ei innbyrdes nøyaktigheit på om lag 1,5 mm/km. Dei er i hovudsak plasserte langs vegar og jernbanelinjer.