Til dømes vil ei smelting av isen på Grønland og Svalbard føre til meir vatn langs ekvator. Då går jorda saktare rundt.

Dersom du er flink på skøyter, kan du prøve sjølv: Ta ein piruett og trekk armane saman, då merkar du at farten aukar. Slepp armane ut igjen og farten blir mindre. Det er akkurat det same som skjer når isen flyttar seg frå polane til ekvator. Isen kjem lenger bort frå sentrum og farten blir redusert.

Vêrfenomen påverkar jordrotasjonen

Tilsvarande vil vêrfenomen som El Niño og La Niña endre vassmassen og påverke jordrotasjonen.  Dette kan vi faktisk måle. Også store jordskjelv flytter så store massar at jordrotasjonen blir endra, men måleinstrumenta våre er ikkje så nøyaktige at vi kan måle det enno.

VLBI måler jordrotasjon

Very Long Baseline Interferometry (VLBI) er den teknikken vi bruker for å måle jordrotasjonen over lang tid og dermed klokka. På fagspråk kallar vi dette UT1. Det er det viktigaste bidraget frå VLBI til jordobservasjon og mykje anna, som til dømes all satellitteknologi. Kartverket har eit geodetisk jordobservatorium med ei VLBI-antenne i Ny-Ålesund på Svalbard.

Avgjerande sekund

Dersom du nokon gong har lagt merke til at avisene ber oss om å stille klokka vår med eitt sekund på nyttårsaftan, kjem det nettopp av at jordrotasjonen (som vi har målt med VLBI) har endra seg så mykje at vi må stille klokka. 

Eit sekund kan kanskje høyrast lite ut, men det er heilt avgjerande for at til dømes satellittsystem skal fungere. Det gjeld både jordobservasjonssatellittar, navigasjonssatellittar eller TV-satellittar og mange andre.

Overvakar jordrotasjonen

Kartverkets geodesidivisjon er i dag eit analysesenter for den internasjonale organisasjonen for VLBI og bidreg dermed til å overvake jordrotasjonen.