Det finst fleire koordinatsystem i bruk, og ein må difor vite kva som blir brukt, for å finne fram. Når vi kjenner til kva koordinatsystem som blir brukt og koordinatane, kan vi finne staden på eit kart.

Grunnlaget for koordinatane

Ei geodetisk, koordinatbasert referanseramme er grunnlag for å kunne gje opp eintydige koordinatar til eit punkt. Referanserammer blir gjorde tilgjengelege gjennom lokale, regionale eller globale nett med koordinatgjevne fastmerke. Fastmerkene er markerte i terrenget med metallboltar som vanlegvis er sette ned i fast fjell. Ei referanseramme kan også gjerast tilgjengeleg gjennom eit referansenettverk der korreksjonsdata blir sende ut til brukarane.

Overvakar jorda

All geografisk informasjon blir utarbeidd basert på referanserammer, og utarbeidinga av desse er ei av dei viktigaste oppgåvene til geodesien. Faget geodesi er vitskapen om endringar i form, rørsle og gravitasjon på jorda og grunnleggjande for overvaking av klimaendringar og all kartlegging.

Satellittbaserte metodar

I dag blir koordinatar fastsette med satellittbaserte metodar. Ved måling i eit referansenett kan koordinatar fastsetjast svært nøyaktig uavhengig av fastmerke på bakken.
Koordinatar i ei bestemt referanseramme kan uttrykkjast på tre hovudformer.

• Geosentriske koordinatar, X,Y,Z
• Geodetiske koordinatar, B,L H, (Breiddegrad, Lengdegrad, ellipsoidisk Høgde)
• Kartplankoordinatar, til dømes N,A (Nord, Aust)

Moderne referanserammer er definerte ved eit tredimensjonalt geosentrisk koordinatsystem. Origo i systemet ligg i sentrum av jorda. Men for å få eintydige geodetiske koordinatar, B,L,H er det nødvendig å velje form og storleik på ellipsoiden (matematisk modell av jorda) som kan gjevast ved store halvakse, a , og flattrykkinga, f, til dømes GRS80-ellipsoiden.

Jorda overført til kartet

For å få eintydige kartplankoordinatar er det også nødvendig å bruke ein kartprojeksjon. Ein kartprojeksjon er ein matematisk metode som blir brukt til å representere den runde, tredimensjonale overflata av jorda på eit flatt todimensjonalt kart.

UTM (Universal Transverse Mercator) er eit døme på ein kartprojeksjon. Det finst mange ulike kartprojeksjonar for ulike føremål.
På land bruker vi vanlegvis UTM-koordinatar, mens vi i sjøkart og flykart bruker lengdegradar og breiddegradar. Lengdegradane kan samanliknast med aust-koordinatane og breiddegradane med nord-koordinatane.


Heile jorda med unntak av polområda er delt inn UTM-soner. Sonene strekkjer seg frå 80° sør til 84° nord, og har ei breidde på 6°. Kvar sone er inndelt i ruter. Talet og bokstaven i sona gjev ei eintydig tilvising til ei bestemt rute på jorda. Storparten av Sør-Noreg ligg i rute 32V.


Register over referanserammer

EPSG Geodetic Parameter Registry er eit register over svært mange av dei referanserammene, kartprojeksjonane og transformasjonsparametrane som er i bruk over heile verda. Registeret er utarbeidd av the OPG Geomatics Committee. Kvart system som er definert i EPSG, har ein kode, og desse kodane blir brukte innanfor mange område, bl.a. WMS-kart.

EPSG-kode 32633 definerer UTM-sone 33N basert på referanseramma WGS84. I registeret finn vi alle parametrar for dette systemet, og i kva geografiske område det er i bruk. Som nemnt ovanfor, kan UTM-projeksjonen brukast opp til 84° nordleg breidde.

EPSG-kode 3575 refererer seg til kartprojeksjonen WGS84 / North Pole Lambert Azimuthal Equal Area Europe. Dette er ein kartprojeksjon som er spesielt eigna for områda omkring Nordpolen.