Geodetisk grunnlag (referanseramme)

Ei geodetisk, koordinatbasert referanseramme er grunnlaget for å kunne gje opp eintydige koordinatar til eit punkt. Desse koordinatgjevne punkta (fastmerke) er grunnlaget for all kartlegging. Fastmerka er gjerne markerte i terrenget med metallboltar sette ned i fast fjell.

Koordinatar i ei bestemt referanseramme kan uttrykkjast på tre hovudformer:

  1. Geosentriske koordinatar, X, Y, Z
  2. Geodetiske koordinatar, B, L, H, (breiddegrad, lengdegrad, ellipsoidisk høgde)
  3. Kartplankoordinatar, til dømes N, A (Nord, Aust)

Mellom dei tre hovudformene å uttrykkje koordinatar på, finst eintydige matematiske formlar.
For å få eintydige geodetiske koordinatar er det nødvendig å velje form og storleik på ellipsoiden (matematisk modell av jorda) – gjeve ved store halvakse (a) og flattrykkinga (f).

For å få eintydige kartplankoordinatar er det i tillegg nødvendig å velje ein kartprojeksjon, til dømes UTM.
UTM-projeksjonen er lagd opp globalt med sonebreidde på 6°. Midtmeridianen for sonene er lagd til 3°, 9°, 15° osv. (aust Greenwich). Målestokksfaktor 0,9996 langs aksen og 1,0000 i 180 km avstand. Projeksjonen blir derfor ofte kalla ein «skjerande» sylinderprojeksjon. Projeksjonsfeilen er -0,4 ‰ langs aksen, null i 180 km avstand og +0,4 ‰ i 255 km avstand. Noreg er dekt innanfor sonene 32–36. Sonebelte 32V er utvida vestover til 3° aust Greenwich.

Datafangst

N50 Kartdata dannar grunnlaget for den topografiske hovudkartserien Norge 1 : 50 000. Dei viktigaste datafangstmetodane er fotogrammetri og administrativ datainnsamling.

Fotogrammetri er å måle i eller lage kart frå bilete – hovudsakleg etter bilete tatt frå fly. Målestokken på desse flybileta er normalt 1 : 5000 – 1 : 40000. Ein kan sjå detaljar på 3 cm storleik i dei beste bileta, og ein kan måle i dei like nøyaktig. Dei fleste objekt som er synlege i landskapet, kan tolkast ved å sjå på flybilete, men det er vanskeleg å trekkje eit nøyaktig skilje mellom alle arealtypar.

Frå digitale flybilete kan det lagast ortofoto som har same geometri som kart, og som kan brukast som bakgrunn for kartinformasjon.
I det periodiske ajourhaldet bruker vi i hovudsak flybilete frå Nasjonalt program for omløpsfotografering. Flybileta blir brukte både som fotogrammetriske stereomodellar og som ortofoto.

Administrativ datainnsamling

Mange opplysningar blir registrerte i samband med næringsverksemd eller offentleg forvaltning. Til dømes blir all byggjeaktivitet stadfest gjennom kommunal saksbehandling. Ved å bruke denne typen opplysningar kan kartet haldast a jour kontinuerleg i staden for å gjere det periodisk på grunnlag av nye flybilete.

Dei viktigaste kjeldene er primærdatabasar som Kartverket forvaltar.

Vegar blir oppdaterte med informasjon frå Den nasjonale vegdatabasen (Vbase), bygningar frå Matrikkelen, namn frå Sentralt stadnamnregister (SSR) og grenser frå basen over Administrative grenser (ABAS).

Viktig i ajourhaldet er også Geovekst og Felles Kartdatabase (FKB).

Det blir også brukt data frå andre offentlege etatar som til dømes Statens vegvesen, Direktoratet for naturforvaltning, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Forsvarsbygg og Statskog.

Kartverket samarbeider med Den Norske Turistforening om oppdatering av merkte stiar og turisthytter.

Generalisering

Fordi kartet alltid har ein mindre målestokk enn fenomena det skal gje att, må informasjonen på kartet avgrensast av kva som kan gjevast att grafisk i målestokken. For å gjere kartet oversiktleg og lettlese blir kartinnhaldet tilpassa målestokken gjennom ei kartografisk generalisering.

Utval etter minstemål er den vanlegaste generaliseringsforma. Andre generaliseringsteknikkar er formforenkling (kurveglatting og omrissforenkling), samanslåing og overgang frå flate- til punktsymbolframstilling.

Symbol for linjeobjekt (t.d. vegsymbol) må ofte forstørrast. Vegsymbol blir gjevne att med ei breidde som i terrengmålestokk overskrid den fysiske breidda på vegen. Objekt som ligg langs veglinja, vil dermed måtte forskyvast (flytte posisjonane) vekk frå senterlinja av vegen.

Kartelement skal som hovudregel gjevast att mest mogleg posisjons- og målestokkriktig. Ved forskyvingar prøver ein å halde på den relative plasseringa av objekta.

Generaliseringsteknikkar blir også brukte som eit verktøy for å framheve/behalde spesielle tema på kostnad av andre.

Utsnitt av n50-N5000 kartdata

Trykking/mangfoldiggjøring

Offsettrykking
Trykking er ein industriell prosess eller handverksprosess for å produsere og mangfaldiggjere tekst og bilete. Offsettrykking har til no vore den vanlegaste måten å mangfaldiggjere og distribuere kart på papir. Opplagsstorleiken blir tilpassa eit forventa forbruk på to til tre år.

Trykking av kart etter førespurnad
Med ei Print on Demand-teneste vil brukarar på førespurnad bli tilbydde siste oppdaterte versjon av kartet direkte frå basen. Brukaren får eit meir oppdatert kart, og kartprodusenten sparer lagerhald og distribusjonskostnader.

Mangfaldiggjering på internett
Enkelte kart blir også mangfaldiggjorde som ei teneste på nettet.