Forenkla røyndom

Kart er ei plan, forminska og grafisk avbilding av delar av jordoverflata i ein bestemt målestokk og projeksjon. Kartet er det viktigaste hjelpemiddelet vårt når vi skal ta oss fram i ukjend terreng. Former og detaljar i terrenget blir gjevne att med teikn og symbol som vi kallar kartteikn. Viktige ting blir framheva og uviktige ting utelukka. Når vi held kartet slik at vi kan lese det som står på kartet, peikar som regel den øvste kartkanten mot nord.

Målestokk

For å lese kartet må du forstå korleis den grafiske avbildinga av landskapet er tenkt. Kartet har ein målestokk og ein ekvidistanse. Den viktigaste avgrensinga med kartet er at det er ei svært forminska utgåve av røyndomen, men det vil også seie at mange detaljar ikkje kjem med. Målestokken (til dømes 1 : 50 000 eller 1 : 100 000) er eit forholdstal som fortel kor mange gonger større ein gjeven avstand i terrenget er, enn den tilsvarande avstanden på kartet. På eit kart i målestokk 1 : 50 000 tilsvarer 1 millimeter på kartet 50 meter i terrenget, og detaljar som er særleg mindre enn dette, blir for små til at vi kan sjå dei på kartet.

Ekvidistanse

På topografiske kart blir terrengformasjonane framstilte med høgdekurver (kotar). Den konstante, loddrette avstanden mellom to nabohøgdekurver kallar vi ekvidistansen. Dei mest detaljerte karta i store målestokkar har ekvidistanse på 1 meter. Den landsdekkjande kartserien Norge 1 : 50 000 har ekvidistanse på 20 meter.
Høgdekurvene representerer (går gjennom) alle punkt i terrenget som har same høgde i forhold til havnivået. Terrenget mellom to nabohøgdekurver har teoretisk jamn stigning/fall. I bratt terreng ligg høgdekurvene tett inntil kvarandre, mens dei i flate område ligg med lengre avstand. I kupert terreng er det ofte markerte høgdepunkt (kollar) som blir framstilte som ringkurver. I flate område som har få høgdepunkt, kan terrengformasjonane presenterast endå betre ved å registrere mellomkurver som har halve ekvidistansen.
Lettast forstår ein kurveformasjonane, dersom ein tenkjer seg at ein registrerer ein tenkt vasskontur kvar gong havet stig med ein ekvidistanse på til dømes 20 meter. Den nye vasskanten blir då ei ny høgdekurve. Oppstikkande koller blir ringkurver (øyer i ein tenkt sjø).

I kartlegging blir høgdekurver konstruerte i fotogrammetriske arbeidsstasjonar der ein kan føre eit målemerke på flybilda i ein tredimensjonal modell av terrenget. Flybore laseropptak gjev ei meir automatisk måling av terrenget. Ved prosessering av laserpunkta (punktskya) får ein skilt ut alle laserskot som treffer terrenget, og resultatet blir ein digital terrengmodell. Ut frå terrengmodellen reknar ein ut høgdekurver med vald ekvidistanse.

Ein tredje metode for etablering av høgdekurver er automatisk matching (mønstergjenkjenning) av terrengpunkt på digitale 3D-flybilete. Alle målemetodane har avgrensingar i område med skog der kor synleg terrengnivået er, varierer med kor tett skogen er.

Skisse som forklarer ekvidistanse

kartutsnitt som viser ekvidistanse

Rutenett

Kartet har eit km-rutenett av vinkelrette horisontale og vertikale linjer (blå farge) som strekkjer seg frå botn til topp av kartet, og frå høgre til venstre side. Dette er hjelpelinjer og du bruker rutenettet blant anna til å halde kartet riktig i forhold til terrenget - med toppkanten peikande nordover i landskapet. Ei kvadratisk rute har sidelengder på 2 cm i kartet. Ruta tilsvarer 1 x 1 km i terrenget.

kartutsnitt over Engenes med rutenett

Gradnett

Kvar nøyaktig på jordkloden eit punkt ligg, kan finnast ved to koordinatar, lengdegrad og breiddegrad. Lengdegrad eller meridian er ei tenkt linje i koordinatsystemet for jorda som går mellom nordpolen og sørpolen, og er vinkelrett på ekvator. Den mest kjende lengdegraden er 0-meridianen som går gjennom Greenwich i London.
Den andre aksen i dette koordinatsystemet kallar vi breidde. Breiddegraden (parallellsirkel) skjer jordkula i plan som er parallelle med ekvator. Saman utgjer desse eit koordinatsystem som beskriv kvar på kloden ein er (sjå døme).

  • Austleg lengde, λ = 40˚A (sjå figur) er vinkelen frå 0-meridianen gjennom Greenwich (sjå figur) og jordsentrum.
  • Nordleg breidde, φ = 30˚N (sjå figur) er vinkelen nordover frå ekvator og langs primærmeridianen (lengdesirkelen gjennom punktet)

Jordkloden med lengde og breddegrader

Rammeinformasjon

I tillegg til sjølve kartet vil det normalt vere rammeinformasjon på kartbladet. Dette kan vere: tittel, lokaliseringskart (nøkkelkart), teiknforklaring, nordpil, målestokk (metrisk og tekstleg), misvising, koordinatsystem, tekniske data, ordliste og logo til utgjevar.