Utgangspunktet når ein skal fastsetje kor mange meter over havet (moh.) ein fjelltopp eller ein innsjø ligg, er ein nærare definert middelvasstand. Det vil seie eit snitt av vasstanden over mange år.

Moderne høgdemåling

Dei fleste høgdene på dagens kart er fastsett med utgangspunkt i flyfoto eller laserskanning av landskap.

På flybileta kan ein identifisere punkta på bakken som er målt opp manuelt, og deretter kan ein rekne ut høgde for alle dei andre punkta som ikkje er målt manuelt.

Historisk høgdemåling

Vi har fastsett høgder i Noreg meir eller mindre systematisk sidan slutten av 1700-talet. I starten nytta ein kvikksølvbarometer, og med utgangspunkt i lufttrykket rekna ein seg fram til høgda.

Les meir om dei første høgdemålingane i Noreg i artikkelen "Høidemaalinger i Norge fra Aar 1774 til 1860" (Google Books).

Metodar og utstyr blei betre utover på 1800-tallet, men i ettertid ser vi at mange av målingane likevel ga store feil, mellom anna fordi det ikkje var noko fast høgdegrunnlag.

Til dømes blei Galdhøpiggen målt til 8161 fot, eller om lag 2560 meter over havet (moh.) i 1879. På 1930-tallet hadde fjellet ”krympa” til 2469 meter, som er den høgda vi finn på kartet i dag.

Nivellement

Det var eit viktig steg mot meir nøyaktige målingar då ein mot slutten av 1800-tallet byrja å etablere eit felles høgdegrunnlag ved hjelp av såkalt presisjonsnivellement. Dette vil seie at ein fastset høgdeforskjellar ved hjelp av ei horisontal sikteline.

Denne metoden er svært nøyaktig og blir framleis nytta når det er strenge krav til presisjon. Det er høgdene som blir målt ved nivellement, som ligg til grunn når ein reknar ut høgder.

Sjølv om vi har satellittar og fly, blir det difor framleis organisert manuell høgdemåling langs bakken, og årleg blir det nivellert (høgdemåla) 400-500 kilometer manuelt i regi av Kartverket.

Normal Null

Utgangspunktet for høgdene som blei målt på 1800- og første halvdelen av 1900-tallet, Normal Null, var ei steinstøtte i hagen til Norges Geografiske Oppmåling (seinare Kartverket) i Oslo. Høgda på steinstøtta var basert på middelvasstanden i Oslofjorden.

Det gamle Normal Null blei i 1954 erstatta av ein ny, Normal Null 1954 (NN1954), som tar utgangspunkt i ei steinstøtte på Tregde i nærleiken av Mandal. Den er 21,2 centimeter lågare enn den gamle normalen.

NN2000

For tida blir det arbeidd med endå eit nytt høgdesystem, NN2000, som skal erstatte NN1954. Årsaka er at det opp gjennom åra er blitt avdekka ei rekkje manglar også ved høgdegrunnlaget frå 1954. Dessutan har det kome til betre måleteknologi.

I tillegg er NN1954 mange stader blitt utdatert både på grunn av at havnivået endrar seg, og på grunn av landhevinga som har halde på heilt sidan istida. Det at landet framleis hevar seg, har ført til at dei offisielle høgdene nokre stader kan vere så mykje som 30 centimeter for låge.

NN2000 tar utgangspunkt i eit felleseuropeisk, teoretisk nullnivå, Normaal Amsterdams Peil (NAP).

Planen er at det nye høgdesystemet skal vere innført i heile landet i 2014-2017.