Kartverket har sidan 1773 hatt ansvaret for oppmåling og kartlegging av Noreg. I heile denne perioden har faga knytte til kart og oppmåling vore i utvikling. Særleg gjennom dei siste 30 åra har det skjedd revolusjonerande nyvinningar innanfor faga.

Vi står ved eit vegskilje der det er viktig å vurdere kva vi vil prøve å verne av dei objekta i naturen som vitnar om den nasjonale oppmålinga og kartlegginga av landet vårt. Difor har Kartverket utarbeidd ein plan for korleis dette kan takast vare på.


Verneplan for kart og oppmåling” (pdf) har undertittelen "Hva vi bør ta vare på i Norge fra klassisk oppmåling gjennom mer enn 200 år". Han omtaler utvalde vardar og andre kulturminne som framleis er intakte og som kan belyse historia om oppmålinga og kartlegginga av Noreg.

Planen er dermed også ei god innføring i historia til og utviklinga av Kartverket og kartfaga.

46 verneobjekter

Til saman har Kartverket kome fram til 46 oppmålingsobjekt på lista som er med i verneplanen. Dei fordeler seg slik:

33 representative vardar fordelte over det meste av landet

  • 4 basisar (Vadsø, Rinnleiret, Ekeberg og Tisleia)
  • 2 nullmeridianar som har vore brukte i Noreg (Oslo og Kongsvinger)
  • 1 meridian-hjelpepunkt (Lindøya i Oslo)
  • 1 meridianstøtte (Hammerfest)
  • 1 vasstandsmålar (Tregde)
  • 2 bygningar (NGO-bygget i Oslo og vasstandsmålaren i Tregde)
  • 2 obeliskar (utgangspunkt for høgdesystem, i Oslo og Tregde)

Kartverket ønskjer at stålplater med informasjon om verneobjektet blir sette opp nær vardane og basisane.

Turguide

Verneplanen er meir enn ein rein verneplan. Han er også ein utmerka turguide for historiske turar i skog og mark. Alle kulturminna som er med i verneplanen, er i løpet av dei siste åra oppsøkte, og bilete og mål er tatt.

Ved sida av kart og bilete er det ein omtale av kvar ein kan starte og korleis ein skal gå for å kome fram til utvalde stader frå oppmålinga av Noreg.

Ligg hos Riksantikvaren

Verneplanen blei utarbeidd i 2011 og ligg for tida til vurdering hos Riksantikvaren, som er ansvarleg for fredingsprosessen. Det blir også arbeidd med ein forvaltningsplan for objekt som er med i verneplanen.