På slutten av 1600-talet og utover på 1700-talet tok enkelte privatpersonar initiativ til ei systematisk kartlegging av Noreg. Først med opprettinga av Norges Grændsers Opmaaling i 1773 kom dette arbeidet inn i faste former.

Dei eldste landsdekkjande kartprosjekta

I eit brev til kongen i 1662 skreiv direktøren for navigasjonsskulen i København, Bagge Wandell, at han planla å lage sjøkart over norskekysten. Desse planane blei det aldri noko av.

I 1688 tok Melchior Ramus (1646–1693), viselektor ved latinskulen i Trondheim, eit initiativ til å kartleggje heile landet. Etter fire års arbeid var han ferdig, men han døydde før han fekk trykt karta.

I dag kjenner vi til karta hans over Trøndelag og Nord-Noreg og over Vest- og Sørlandet. Riksarkivet har originale skisser til karta over Nord-Noreg.

Frå Norges Grændsers Opmaaling til Kartverket

Teikning av kart starta ein med på 1600–1700-talet. Dei tidlegaste detaljkarta og teikningane i Noreg blei laga innanfor dei fagområda som hadde størst behov for dei i den daglege verksemda si, bergverka og militærvesenet.

Bergverka trong kart over områda der det var gruvedrift. I 1757 blei Bergseminaret oppretta på Kongsberg, der sølvverket hadde vore i drift sidan 1624. På Bergseminaret blei det undervist i bergvitskap, der kartteikning var eitt av faga.

Militærvesenet trong kart og teikningar over festningsanlegg og strategisk viktige område. For militæretaten blei det alt i 1750 oppretta eit militærakademi i Christiania, kalla «Den frie mathematiske skole». Det var forløparen til dagens krigsskule. Her blei elevene blant anna underviste i landmåling og teikning.

Det var dei urolege tidene og den militære interessa av å kjenne forholda langs svenskegrensa som var bakgrunnen for at den tyske offiseren i det dansk-norske forsvaret, Wilhelm von Huth, fekk i oppdrag å stå for kartlegginga i Noreg. Han blir difor rekna som den første leiaren av Norges Grændsers Opmaaling, då denne blei danna i Christiania i 1773.

Seinare endra organisasjonen namn til Noregs geografiske oppmåling. I 1980 flytte han til Ringerike, og i 1986 blei han omorganisert og fekk namnet Statens kartverk. Ei omorganisering av etaten i 2012 førte til at namnet blei endra til Kartverket.

Wangensteens kart over Noreg frå 1761

I 1761 fekk Ove Andreas Wangensteen gjeve ut eit kart over Noreg. Dette var det første kartet som viste heile Noreg, og som var teikna av ein norsk kartograf. Mangelen på norske trykkeri med nødvendig kompetanse og utstyr var eit problem for å få trykt kart. Først i 1854 blei det installert ei kopartrykkpresse i Noreg.

Pontoppidans Norgeskart fra 1785

Pontoppidans kart over Noreg

Christian Jochum Pontoppidan (1739–1807) var ein dansk kartograf som i Noreg er mest kjend for dei tidlegaste detaljerte og nøyaktige karta over Sør-Noreg i 1785 og Nord-Noreg i 1795. Pontoppidan var teiknelærar ved landkadettkompaniet i København og vann stor respekt som kartteiknar.

Karta blei i lang tid rekna som dei viktigaste og mest korrekte karta over Noreg. Karta blei brukte under Napoleonskrigane, av «fedrane på Eidsvold» i 1814, og av norske kunstnarar, frå Johannes Flintoe til I.C. Dahl og Thomas Fearnley, når dei skulle planleggje studieturane sine.

Trigonometriske punkt - trekantnett

Dei første topografiske karta i Noreg hadde flaggstonga på Kongsvinger festning som utgangspunkt, for festninga var den gongen eit svært viktig militært anlegg. Frå 1840-åra blei utgangspunktet flytt frå Kongsvinger til Christiania (Oslo) Observatorium. I dei siste 50 åra har observatoriet i Greenwich, London, vore utgangspunkt også for norske kart.


Før dei kunne gå i gang med sjølve kartarbeidet, måtte dei måle opp såkalla trigonometriske punkt i eit koordinatsystem ute i naturen. Punkta låg gjerne på høgder, åsar og fjell med god utsikt. Føremålet var å kunne måle vinklane frå eitt trigonometrisk punkt til alle dei andre trigonometriske punkta som var synlege derfrå. Slik bygde dei opp eit nett av trekantar, derav namnet trigonometrisk punkt. Punktet var vanlegvis markert med ein bolt i fjellet og kalla fastmerke. På eit stativ rett over fastmerket plasserte geodeten ein kikkert for vinkelavlesing.

Teodolitt

Denne kikkerten blei kalla teodolitt og var så var for varme, at dersom sola skein, måtte han vernast mot solstråling med ein parasoll, elles ville resultatet bli dårlegare. Ved hjelp av vinkelmålingane kunne dei rekne ut posisjonen til dei målte trigonometriske punkta. Heile landet blei målt opp i trekantar med sider frå 2 km til 40 km.

Teodolitten på målebordet beskyttes av en parasoll

Målebord

Når posisjonen for dei trigonometriske punkta var ferdig utrekna, kunne kartteiknaren (topografen) ta med utstyret sitt og stille det opp i eit trigonometrisk punkt. Fram til ca. 1940 bestod dette utstyret hovudsakleg av eit målebord. Ved hjelp av kikkert og linjal teikna han det som skulle inn på kartet. Så drog han til neste målepunkt og teikna inn alt han kunne sjå derfrå. Slik heldt han fram til heile kartet var ferdig teikna. Det kunne ta fem år frå oppmålinga starta, til kartet var ferdig.

Tpopgrafene tar en hvil i arbeidet under kartlegging av Folgefonna.

Topografer på vei til toppen av Dyrhaugstinden i 1923

Fotografi og flybilete

Utover på 1900-talet blei målebordet erstatta av fotoapparat, slik at bilete blei tatt om sommaren og topografen kunne sitje inne og teikne kartet om vinteren. Etter krigen (1945) blei karta konstruerte ut frå flyfotografi. Då blei det heilt slutt med målebord.

Kartreproduksjon

Fram til tidleg på 1800-talet blei kart gjorde mangfaldige ved at einkvan teikna av nye kart for hand frå gamle originalkart. Kartreproduksjon er utført ved etaten sidan 1830-åra, rett nok i dei første åra som private entreprisar, men med eiga trykkpresse, og i lokala til Oppmålingen.

Omkring 1860 er eigen fullverdig reproduksjonsanstalt ein realitet med både koparstikkeri, litografi, fotoreproduksjon og galvanoplastikk på plass. Og heilt fram til 1950-åra er kopar og litografi grunnlaget for all kartreproduksjon, i det hovudkartseriane både for land og sjø blir reproduserte på kopar, men då ved å ta i bruk reproteikning med tilhøyrande heliogravyre frå ca. 1880. Det meste av opplagstrykkinga skjer derimot som litografi - med overgang frå litografisk stein til aluminium - såkalla algrafi - ved hundreårsskiftet.

Utslitne trykkpresser og anna utstyr etter siste krig set fart i ei fullstendig omlegging til nye reproduksjonsmetodar. Sett bort frå sjøkarta som heilt fram til Sjøkartverket flytte, blir trykte i flattrykk på den gamle hurtigpressa frå 1903, blir det full overgang frå litografi til offset i 1949.

Året etter er sjiktgravyre i bruk, først på glas, men etter 1956 då plastfolien synest tilstrekkeleg herda for føremålet, er denne einerådande. Same materiale erstattar etter kvart også glasnegativet ved reprofotografering. Omkring 1950 tar ein også i bruk eit improvisert og sjølvprodusert system for fotosats, tolv år før ein kommersiell fotosetjar kjem i hus.

Dei første nølande stega mot automasjon i kartreproduksjonen tar ein i 1978, og fire år seinare er ein på full fart inn i datareproduksjonen. I 1988 er reproduksjonssystemet Scitex i funksjon, året etter er det også på plass ei firefarge presisjonsoffsetpresse, og dermed ligg vegen open for at firefargesystemet også kan brukast i kartreproduksjonen.