Arbeidet med den nye serien gjekk føre seg i regi av Hærens Kartkontor, som var forløparen til Forsvarets kartteneste, no Forsvarets militærgeografiske teneste (FMGT).

Noregs geografiske oppmåling (NGO), no Kartverket, oppfatta arbeidet med den nye serien – med nytt geodetisk datum, ny bladinndeling og nytt UTM-rutenett – som eit rent militært prosjekt.

I 1952 var Army Map Service (AMS) i gang med å reprodusere og trykkje ei førebels svart-blå første utgåve av M711 i Sør-Noreg. Karta blei i store trekk baserte på «Deutche Heereskarte - Norwegen 1 : 50 000» som igjen bygde på oppfotograferte norske gradteigs- og rektangelkart. NGO blei engasjert til å føreslå dei nye kartbladnamna på serien, og raskt å gå gjennom og ajourføre grunnlaget.

I dei områda der det enno ikkje var gjeve ut gradteigskart i 1 : 100 000, men låg føre nymålingar i 1 : 50 000, blei det i åra 1953–55 utført ein del arbeid for å klargjere dette materialet for utgjeving i den nye serien. I denne «svart-blå» første utgåva av M711 blei det gjeve ut ca. 570 kartblad.

«Svart-blå» første utgave av M711

I 1952 kravde Forsvaret at dei «kartlause» områda i austre delar av Troms skulle kartleggjast snarast råd. Det blei gjennom Forsvarets kartteneste inngått ein samarbeidsavtale med AMS om bistand i arbeidet. Dette blei innleiinga til eit omfattande og langvarig samarbeid som etter kvart kom til å omfatte store delar av landet. «Troms-gapet» blei fylt av 33 kartblad som kom ut i perioden 1958–61.

Kart over

Nykartlegging kom i gang med flyfotografering i 1955 og med markarbeid året etter. Det første utgjevne kartbladet i den nye serien i Sør-Noreg låg føre i 1962 – kartblad 1212 III Nærbø.

utsnitt fra det første kartbladet i den nye serien i Sør-Norge

I område der kartlegging for gradteigskart i 1 : 100 000 alt var påbyrja då ein tok fatt på den nye serien på staden, blei det i perioden 1965–70 gjeve ut 19 kartblad med 30 meters ekvidistanse.

Utsnitt fra kartblad med 30 meters ekvidistanse fra perioden 1965-70

Alt då ein starta opp kartserien, blei det bestemt at ein skulle gje ut ei sivil utgåve parallelt med den militære. Planen var å gje ut sivile utgåver av alle kartblad etter kvart som dei låg føre. Det viste seg snart at dette var meir ressurskrevjande enn forventa. Dessutan føretrekte mange militærutgåva – vesentleg på grunn av rutenettet. Utgjevinga av sivile utgåver blei – «inntil vidare» som det heitte – skrinlagd i 1972, og blei ikkje tatt opp att seinare. Det blei heller ikkje trykt opplag av dei tidlegare utgåvene. 47 kartblad blei utgjevne som sivile utgåver.

Utsnitt fra sivilutgaven av kartblad 1212-3 Nærbø fra 1962

NGO hadde ein innarbeidd tradisjon for opptrykk av mellombelse utgåver – eller «direkte reproduksjon av originalmålingane», som dei blei kalla. Dette var mogleg fordi ein stor del av sjiktgravyren blei utført direkte alt under kartkonstruksjonen i autografen, og fordi den samtidige folieseparasjonen gjorde det mogleg å skilje dei forskjellige kartelementa i sine respektive fargar. Ved ei relativt beskjeden tilarbeiding kunne dette produktet vere til nytte for den vanlege kartbrukaren. Karta blei utgjevne med forenkla rammeinformasjon, UTM-rutenett og eit visst utval av stadnamn. Ein plan for utgjeving av slike mellombelse utgåver var klar i 1968. I løpet av åra 1968–72, og i ein kort periode i 1981–83, blei til saman 83 kartblad utgjevne som «Mellombels utgåve».

Utsnitt  fra nordfjord

Eit forprosjekt for kartrevisjon blei gjennomført i 1983. Prosjektet var eit samarbeidsprosjekt mellom NGO og Lantmäteriverket i Sverige. Målsetjinga for prosjektet var å kome fram til meir rasjonelle metodar for revisjon, spesielt bruk av EDB gjennom registrering under konstruksjon, fotosetjing av symbol og namn, datastyrt utteikning mv.

Ved hjelp av SysScan-systemet blei vasskontur- og kurvefoliar skanna, vektoriserte og høgdetilviste i 1984–85. Alle stadnamn samla inn under synfaring, blei registrerte digitalt. I tillegg heldt registrering og koordinatfesting av stadnamn fram på tidlegare utgjevne kart for å byggje opp eit stadnamnregister for heile serien. Namnedatabasen blei fullført i 1991.

Då førstegongskartlegginga var ferdig i 1988, starta for alvor to nye oppgåver: systematisk revisjon av karta og omlegging til digital produksjon.

Mange nye karttema og til dels store endringar i spesifikasjonane for kartserien kom i 1989.

Teiknemaskinassistert produksjon var eit steg på vegen mot fulldigital produksjon. Det første fulldigitale kartblad – 1917 III Åsmarka – var ferdig i 1990, produsert på AutoCad (Datarepro) og Scitex. Samtidig gjekk ein over til å trykkje kartserien i 4-farge offsettrykk med fargane gul, magenta, cyan og svart mot tidlegare 5 eller 6 fargar.

Det første fulldigitale kartblad – 1917 III Åsmarka – fra 1990

Omlegginga frå analog til digital produksjon medførte at produksjonstida blei korta vesentleg ned.

I mai 1990 blei det vedtatt å skifte geodetisk datum til World Geodetic System 1984 (WGS84). Heile serien blei lagd om til nytt datum i perioden fram til 01.01.1996.

Ved utgangen av 2000 blei første versjon av N50 Kartdata ferdig. N50 Kartdata er eit landsdekkjande sett av topografiske kartdata på vektorform. Forvaltninga av kartdatabasen skjer gjennom regelmessig oppdatering. For kartserien gjev dette heilt nye opningar for raskt å produsere oppdaterte kart.

Forsvaret hadde for eigne føremål laga ein del kart med utvida sjøinnhald, såkalla «kombi-kart» (M711LW). Forsvaret erfarte at desse karta hadde stor sivil interesse og tok derfor initiativ til at kartserien skulle få utvida sjøinnhald som standard. Frå 2005 blei sjøinnhaldet i kartserien vesentleg utvida.

Utsnitt fra et kartblad med utvidet sjøinnhold

I samband med utvida sjøinnhald blei det spesifisert ny kartbladramme. Karta har auka fokus på geodetiske koordinatar – bl.a. av omsyn til GPS-bruk.

Kartblad med ny ramme med fokus på geodetiske koordinater

Frå 2012 kom kartserien i ny utgåve. Kartblada som blei selde sivilt, blei sette saman av fire kartblad og trykte på begge sider av arket. Den sivile kartserien fekk 212 kartblad. Målestokken var den same, men kvart kartblad dekkjer fire gonger så stort areal. Karta blei trykte på vassfast og rivesikkert plastpapir.

I 2015 slutta Kartverket å trykkje kart. I staden tilbyr vi forhandlarar trykkjeklare filer som kan skrivast ut på førespurnad frå publikum (print on demand).

Les meir om dagens 1:50 000-serie.