Dette er kart som er laga i format som kan opnast med ulike typar vanleg programvare, slik at dei er tilrettelagt for "vanlege" folk også.

Pakka med illustrasjonskart inneheld noregskart, fylkeskart, Europakart, maritime grenser og Svalbard, Jan Mayen og Antarktis,

Du finn illustrasjonskarta på geonorge.no.

Brukarrettleiing

Vi tilrår at du les brukarrettleiinga ”Slik bruker du illustrasjonskartene”.

Vi har også laga ein video som syner korleis du kan bruke karta i Powerpoint (mp4).

Illustrasjonskart og format

AI (Adobe Illustrator)-filene er lagdelte og er samansett av punkt, liner og flater, og ein kan enkelt endre og tilpasse karta sjølv.

Vi har også laga dei fleste karta i JPEG- eller TIFF- format, for å gjere det enklare å bruke dei som illustrasjonskart viss du ikkje har spesiell programvare. Dette er berre digitale "bilete" av karta. Ein kan difor ikkje endre fargar og liknande på desse karta, men om ein opnar dei i standard teikne- eller bilderedigeringsprogram, kan ein velje sitt eige kartutsnitt, legge inn eigen informasjon og ta utskrift, eller lime dei inn i andre dokument og presentasjonar. TIFF-filene er georefererte, som vil seie at det er lagt inn koordinatar.

Dei fleste illustrasjonskarta er i tillegg lagt ut som EMF- og Powerpoint-filer, der det er mogleg å endre fargar på liner, flater og punkt i karta. EMF-filer kan importerast i eit Word-dokument, og innhaldet kan redigerast der.