God planlegging er ein føresetnad for ein vellukka tur. Kor skal du? Kor går løypa sommars eller vinters tid? Kva er avstandane i kilometer og tid? Og kva slags kart treng du?

Turplanleggarar

På nettet finst det fleire gode kartløysingar for turplanlegging der du kan teikne inn turruta di. Der finn du turskildringar og interessante turelement i nærleiken av ruta du ønsker å gå. Kartet kan så skrivast ut om ønskeleg.

På Kartverket sitt digitale Norgeskart.no kan du både lage dine eigne turkart og skrive ut ein høgdeprofil for turen.

Tryggleik og praktiske tips og råd

Skal du gå i høgfjellet, er det viktig å tenke sikkerheit. Hugs at du sjølv har ansvar for at turen skjer på ein trygg måte. På nettsidene til Turistforeininga finn du mange tips om gjennomføringa av sjølve turen for at du skal føle deg trygg, mellom anna:

  • Informasjon om fjellvettreglane
  • Hugs å velge tur etter kva du maktar, og planlegg turen på førehand
  • Lær deg kart og kompass og ta trygge vegvalg
  • Ha respekt for vinterfjellet
  • Sjekk ver- og føremeldinger
  • Grunnleggande førstehjelp og livredding
  • Kva slags tryggingsutstyr du bør ha med i sekken
  • Korleis handtere ulykker
  • Brannvett
  • Ansvar og tryggleik på fellesturar og aktivitetar
  • Klede og utstyr, og pakking av sekken
  • Vedlikehald av klede og utstyr
  • Tips til sjølve turen

Kart og kompass

I Kartverket er vi opptekne av trygg navigering. Ha alltid med deg kart og kompass, og ikkje stol berre på GPS eller mobil med kart. Teknikken kan svikte, batteria kan gå tomme og mobildekninga kan falle ut. Men GPS og mobil er god hjelp for å vite eksakt kor du er eller for å finne fram i uver. Hugs reservebatteri!

Papirkartet gir deg betre oversikt over heile turen. Det viser ikkje berre kor du er, men også kor du skal. Ha kartet i ei kartmappe, så bles det ikkje vekk eller blir øydelagt. Brett kartet etter ruta du skal gå.

Ha alltid med deg den nyeste utgåva av kartet. Med Mitt turkart på Norgeskart.no, kan du sjølv skrive ut oppdaterte kart rett frå Kartverket sin kartbase.