Eit stadnamn er gjerne blitt til over tid og er eit produkt av både historie og kultur. Måten namnet blir skrive på, er bestemt av så vel tradisjonar som dagleg bruk og rettskrivingsreglar, og namnet skal vere praktisk å nytte. Det er difor lagt opp til ei grundig saksbehandling dersom eit stadnamn skal endrast.

I ein eigen artikkel har vi steg for steg gjort greie for saksgangen for stadnamnsaker og saksbehandlinga i Kartverket.

Rette stadnamn-feil

Men det er ikkje alltid naudsynt å setje i gang eit stort apparat for å rette opp noko som er feil med eit stadnamn. Dersom du oppdagar at eit namn er feilplassert på kartet eller at det er feilskrive, kan du melde frå til Kartverket gjennom nettsida Rett i kartet.

Meld frå til Rett i kartet.

Ein av dei namneansvarlege i Kartverket vil då vurdere meldinga. Er det ein openberr skrivefeil, mangel, misforståing eller feilplassering i kartet, vil det som regel bli retta i løpet av kort tid. Du vil uansett få ei rask førebels tilbakemelding frå oss.

Reise eller gjenopne namnesak

Å reise eller gjenopne ei namnesak er ein noko meir omstendeleg prosess. Dette vil seie at det blir sett i gang eit formelt løp for å endre namnet eller måten det blir skrive på. Det inneber mellom anna at saka blir send ut på høyring og at fleire ekspertmiljø blir kopla inn. I praksis vil ei namnesak som regel ta minst eit halvt år. Dersom vedtaket blir påklaga, kan det gå nærare halvtanna år.

Lov om stadnamn gjer detaljert greie for dette løpet og saksbehandlinga som følgjer med, og lova peikar eksplisitt ut kven som har høve til å reise eller gjenopne namnesak, kven som skal føre saka og kven som har høve til å uttale seg. I det følgjande oppsummerer vi saksløpet, men det er mange nyansar og detaljar som det ikkje er plass til å gå inn på her. Vi tilrår at du studerer lova med forskrift dersom du vurderer å reise eller gjenopne ei namnesak.

Det er også lurt å starte med å sjekke i Sentralt stadnamnregister kva for namn og skrivemåte som er godkjend og vedtatt. Du kan slå opp i stadnamnregisteret via søkjefunksjonen på stadnamn-delen av norgeskart.no.

Slå opp i Sentralt stadnamnregister.

Kven kan reise eller gjenopne namnesak?

Einskildpersonar kan ikkje reise namnesak, unntatt dersom det gjeld namnet på eit gardsbruk eller ein eigedom som ein sjølv eig eller festar (sjå meir om dette lenger nede på sida). Men lokale organisasjonar som burettslag, historielag og velforeiningar, kan reise ei sak dersom dei har særleg tilknyting til eit stadnamn.

Ynskjer du å ta opp ei namnesak som ikkje gjeld bruksnamnet på eigen eigedom, og du ikkje får medhald hjå dei offentlege instansane, må du difor gå gjennom ein lokal organisasjon. Saman må de grunngi kvifor de meiner det er rett å endre namnet eller måten det blir skrive på.

Saka må rettast til den som etter lov om stadnamn har rett til å vedta korleis namnet skal skrivast. I dei fleste tilfella er det anten kommunen eller Kartverket. I stadnamnlova (paragraf 5, andre og tredje ledd) kan du sjå kven som er vedtaksmyndigheit for ulike typar stadnamn.

Kartverket, Språkrådets stadnamnteneste, kommunen og fylkeskommunen kan også reise eller gjenopne namnesak.

Kva krevst for å gjenopne namnesak?

For at ei tidlegare namnesak skal kunne gjenopnast, må det ha kome til nye opplysningar. Det er den som opphavleg vedtok namnet, som skal ta stilling til om dette kravet er oppfylt. Du kan sjekke kven som har vedtatt eit stadnamn ved å søkje i Sentralt stadnamnregister på stadnamn-delen av norgeskart.no og opne faktaarket som ligg der.

Dersom vedtaksmyndigheita meiner at det ikkje har kome til nye opplysningar, eller at argumenta ikkje er gode nok, kan ho avvise å ta opp saka på nytt. Du kan klage på avslag på gjenopning, og det er Klagenemnda for stadnamnsaker som er klageinstans. Sjå meir om klage lenger nede i artikkelen.

Høyring og saksbehandling

Så snart det er klart at det blir ei namnesak, sørgjer kommunen for at ho blir kunngjort for alle som har rett til å uttale seg (stadnamnlova § 6 første ledd). To månader er sett av til ei lokal høyring i kommunen. Etter dette er det sett av to månader til saksbehandling hjå stadnamntenesta i Språkrådet som gir ei tilråding.

I saker om fleirspråkleg namnebruk (samisk og kvensk) skal den samiske og/eller kvenske stadnamntenesta også gi ei førebels tilråding før den lokale høyringa i kommunen.

Klage på namnevedtak

Når ei namnesak er avslutta, er det ein klagefrist på tre veker. Bortsett frå stadnamntenesta er det er dei same som har rett til å reise namnesak, som har rett til å klage. Klagen skal sendast til den som har gjort vedtaket.

Dersom klagen blir avvist, blir saka send vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker der ho blir avgjort.

 Sjå nettsida til klagenemnda for stadnamnsaker.

Grunneigar kan bestemme

Sidan sommaren 2015 har grunneigar hatt rett til å fastsetje skrivemåten av namnet på eigen eigedom (eige bruk). Hovudregelen er framleis at vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal vere retningsgivande for bruksnamn som er identisk med gardsnamnet eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet. Men dersom grunneigar kan dokumentere at skrivemåten han/ho ynskjer på eige gardsbruk eller eigedom, har vore i offentleg bruk som bruksnamn, kan grunneigaren avgjere skrivemåten. Kartverket skal framleis vere formelt vedtaksorgan.

Skrivemåten av bruksnamnet kan i desse tilfella bli vedtatt utan lokal høyring. Men grunneigaren kan be om å få tilråding frå stadnamntenesta i Språkrådet.

Er du grunneigar og ynskjer å endre skrivemåten på eige bruk, kan du ta kontakt med Kartverkets namneansvarlege i området for å få rettleiing om korleis du skal gå fram.

Finn kontaktinfo til namneansvarlege her.

Skrivemåtar fastsett av eigar skal ikkje vere retningsgivande for skrivemåten av andre stadnamn som det offentlege tar i bruk, til dømes i adressering (namn på gater/vegar) eller namn på skuler og bustadfelt. Men skrivemåten kan brukast i adressetilleggsnamn der det per definisjon er bruksnamnet på eigedomen som blir nytta.