I norsk rettskriving har vi to målformer med to sett rettskrivingsreglar; bokmål og nynorsk. I tillegg har vi regions- eller minoritetsspråka samisk (sørsamisk, lulesamisk, nordsamisk) og kvensk.

Norsk

Tidlegare normeringsreglar for stadnamn, frå 1912 fram til Føresegner om skrivemåten av stadnamn i 1957, slo fast at nynorsk rettskriving (landsmålsrettskrivinga) skulle følgjast. Til dømes skulle ein skrive -vatn og  -skjer over heile landet, jamvel om uttalen var /vann/ og /skjær/.

I dagens regelverk står båe målformer likt. Hovudregelen er at ein skal ta utgangspunkt i den lokale nedervde uttalen og at skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk (bokmål eller nynorsk).

Det er irrelevant å skilje mellom bokmål og nynorsk ved skrivemåten av stadnamn. Innsjønamna Kilevann og Mjøvann i Skien kommune skal til dømes skrivast slik både i bokmåls- og nynorsktekst, medan Botsvatn og Kaldsvatn i Bykle kommune skal skrivast med -vatn.

Fleirspråklege område

For fleirspråklege område er regelen i lov om stadnamn § 9 andre ledd at samiske og kvenske namn som blir nytta blant folk som bur fast på eller har næringsmessig tilknyting til staden, til vanleg skal brukast av det offentlege t.d. på kart, skilt, i register, saman med eventuelt norsk namn.

§ 4 i forskrifta gir reglar for geografisk utbreiing av nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk rettskriving.

Forvaltningsområdet for samisk språk

I forvaltningsområdet for samisk språk skal rekkjefølgja av namna vere samisk, norsk, kvensk.

Forvaltningsområdet for samisk språk omfattar desse kommunane (sortert på fylke):

Finnmark: Guovdageaidnu Kautokeino, Kárášjohka Karasjok, Deatnu Tana, Unjárga Nesseby, Porsanger Porsáŋgu Porsanki (Kommunenamnet inkl. rekkjefølgja blei vedtatt før gjeldande rekkjefølgjeregel trådde i kraft.)
Troms: Gáivuotna Kåfjord  Kaivuono, Loabák Lavangen
Nordland: Divtasvuodna Tysfjord
Nord-Trøndelag: Snåase Snåsa, Raarvihke Røyrvik

Fleirspråklege fylkes- og kommunenamn

To fylke, Finnmark Finnmárku og Troms Romsa har tospråkleg namn.

Fire kommunar i Finnmark (Guovdageaidnu Kautokeino, Kárášjohka Karasjok, Deatnu Tana, Unjárga Nesseby), to kommunar i Troms (Loabák Lavangen, Harstad - Hárstták), fire kommunar i Nordland (Divtasvuodna Tysfjord, Hamarøy Hábmer, Fauske - Fuossko, Sortland - Suortá)  og to kommunar i Nord-Trøndelag (Snåase Snåsa, Raarvihke Røyrvik) har tospråklege namn. Ein kommune i Finnmark (Porsanger Porsáŋgu  Porsanki) og to kommunar i Troms (Storfjord Omasvuotna Omasvuono, Gáivuotna – Kåfjord  Kaivuono) har trespråklege namn.

Av di samisk og kvensk er kasusspråk, skal genitivsforma av stadnamnet brukast når nemninga for fylke og kommune er med.

Korrekte skrivemåtar av fleirspråklege fylkes- og kommunenamn (det samiske namnet står først for kommunane som er med i forvaltningsområdet for samisk språk, unntatt for Porsanger kommune, sjå ovanfor):

 

Fylkesnamna
Finnmark – Finnmárku Finnmark fylke – Finnmárkku fylka
Troms – Romsa Troms fylke – Romssa fylka

 

Finnmark
Guovdageaidnu – Kautokeino  Guovdageainnu suohkan – Kautokeino kommune
Kárášjohka – Karasjok  Kárašjoga gielda – Karasjok kommune
Deatnu – Tana Deanu gielda – Tana kommune
Unjárga – Nesseby  Unjárgga gielda – Nesseby kommune 
Porsanger – Porsáŋgu – Porsanki  Porsanger kommune – Porsáŋggu gielda – Porsangin komuuni

 

Troms
Gáivuotna Kåfjord  Kaivuono Gáivuona suohkan  Kåfjord kommune  Kaivuonon komuuni
Loabák Lavangen Loabága suohkan  Lavangen kommune
Harstad - Hárstták Harstad kommune - Hársttáid suohkan
Storfjord Omasvuotna Omasvuono Storfjord kommune  Omasvuona suohkan  Omasvuonon kunta

 

Nordland
Divtasvuodna  Tysfjord Divtasvuona suohkan  Tysfjord kommune 
Hamarøy  Hábmer                            Hamarøy kommune  Hábmera suohkan 
Fauske  Fuossko Fauske kommune  Fuosko suohkan
Sortland - Suortá Sortland kommune - Suorttá suohkan

 

Nord-Trøndelag
Snåase Snåsa Snåasen tjielte  Snåsa kommune
Raarvihke Røyrvik  Raarvihken tjielte  Røyrvik kommune