Saksgang etter lov om stadnamn

1. Nokon tek opp namnesak etter lov om stadnamn. § 5 første ledd i lova seier kven som kan reise namnesak. Saka sender ein til ...

2. ... vedtaksorganet, § 5 andre og tredje ledd i lova seier kven som er vedtaksorgan for dei ulike namnetypane. Kommunen er vedtaksorgan for skrivemåten av namn på vegar, gater, kommunale anlegg, bustadfelt, grender, tettstader osv. Kartverket er vedtaksorgan for skrivemåten av alle naturnamn, seternamn og nedervde gards- og bruksnamn. I nokre tilfelle kan grunneigar avgjere skrivemåten sjølv. Kartverket er òg vedtaksorgan for skrivemåten av stadnamn i all statleg samanheng dersom ikkje anna er vedteke i lov eller forskrift. Kartverket har delegert saksbehandlinga og avgjerdsmakta til fylkeskartkontora. Vedtaksorganet førebur saka og sender ho til ...

3. ... kommunen til høyring med to månaders frist. Når kommunen er vedtaksorgan, har han saka allereie. Kommunen sender brev til eigar/festar i saker som gjeld bruksnavn. Lokale organisasjonar som har særleg interesse av eller tilknyting til namnet, skal òg ha tilsendt eige brev.

Gjeld det samiske eller kvenske namn, skal vedtaksorganet først sende saka til stadnamntenesta i Sametinget og kvensk stadnamnteneste som gir ei førebels tilråding av skrivemåte med kopi til vedtaksorganet, med to månaders frist, før saka går til kommunen.

Kommunen behandlar saka og sender ho til ...

4. ... stadnamntenesta i Språkrådet for tilråding om skrivemåte, med kopi til vedtaksorganet.

Gjeld det samiske eller kvenske namn, er det samisk eller kvensk stadnamnteneste som skal gi tilråding.

Stadnamntenesta har to månaders frist på å sende saka til ...

5 ... vedtaksorganet som gjer vedtak etter reglane i § 9 i forskrifta. Vedtaket blir sendt til partane i saka og kommunen, som kunngjer vedtaket med opplysning om klagerett etter lova § 10. Vedtaket sender ein òg til stadnamntenesta, andre offentlege organ som skal bruke namnet i tenesta, og til ...

6 ... Sentralt stadnamnregister (SSR) ved Kartverkets fylkeskartkontor.

Ev. klage sender ein til vedtaksorganet. Saksgangen ved klage er den same som i førstegongsbehandlinga. Dersom klagaren ikkje får medhald av vedtaksorganet, blir skrivemåten avgjord av Klagenemnda for stadnamnsaker. Vedtak i Klagenemnda er endeleg.

Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i stadnamnlova § 1 tredje ledd (jamfør § 9 første ledd.) Det vil seie organ for stat, fylkeskommune og kommune samt selskap som det offentlege eig fullt ut.

 

Saksbehandling for stadnamn i Kartverket

Det følgjande gjer greie for intern saksgang og interne føringar i Kartverket for dei fleste namnesaker, med unntak for saker der grunneigar sjølv kan fastsetje skrivemåte på eige bruk (les meir om det i artikkelen vår om å endre eller klage på stadnamn.)

Steg 1: Kartverket får ein førespurnad

Den namneansvarlege i Kartverket tek imot, registrerer og vurderer førespurnader om skrivemåten av stadnamn.

Er det misforståingar eller trykkfeil som ligg til grunn for førespurnaden, rettar vi opp dette i Sentralt stadnamnregister (SSR) og gjev melding til redaktørane utan å fremja namnesak. Elles vurderer vi om det bør reisast namnesak etter følgjande retningsliner:

Eksterne førespurnader: Det må reisast namnesak dersom førespurnaden kjem frå ein som etter lova har rett til å reise namnesak. Har vedkommande ikkje slik rett, gjer ein ei sakleg og fagleg vurdering, gjerne i samråd med stadnamntenesta i Språkrådet.

Interne førespurnader: Vurderer kor viktig namnet er.

Gjeld førespurnaden feilplasseringar eller feil namnebruk, retter vi opplagde feil med informasjon til kommunen og stadnamntenesta. I tilfelle som ikkje er heilt opplagde, spør vi kommunen og stadnamntenesta før vi endrar.

Generelt bør vi ved førespurnader vere varsame med å endre koordinatane til namn fordi:

  • I jordskiftedommar/grensetvistar og grenseoppgangar er namn på kart brukte som argument i bevisføringa.
  • Flytting av namn kan gjere eigedomsgrenser og dei administrative grensene uklåre.
  • Flytting av namn kan føre til rettskonflikt mellom partar.

Den som har sendt førespurnaden, skal ha tilbakemelding før det har gått 4 veker om vidare saksbehandling / utfall i saka.

Blir det reist namnesak, gå til steg 2.

Steg 2: Kartverket reiser namnesak

Den namneansvarlege i Kartverket

  • legg den foreslåtte skrivemåten inn i SSR med status F (foreslått), statusdato er då innleggingsdatoen. Tek deretter informasjonen ut på standard skjema.
  • sender tilbakemelding om vidare saksbehandling med tidsfristar til den som kom med førespurnaden, innan 4 veker etter førespurnaden er motteken.
  • sender saka til vedkommande kommune, på lokal høyring med to månaders frist. Kommunen behandlar saka og sender ho til stadnamntenesta i Språkrådet, med kopi til Kartverket. Stadnamntenesta har då to månaders frist på å sende tilråding i saka til Kartverket.

Steg 3: Kartverket gjer vedtak

Den namneansvarlege i Kartverket

  • vurderer tilrådinga frå stadnamntenesta i Språkrådet saman med lokale høyringsfråsegner. Om ein er i tvil - ta kontakt med forvaltningsansvarleg for stadnamn.
  • gjer vedtak og sender vedtaksbrev, med kopi til den (det statlege organet) som først kom med førespurnaden.

Steg 4: Vedtaket inn i SSR

Den namneansvarlege legg vedtaket inn i Sentralt stadnamnregister (SSR). Statusdato er den datoen som står på vedtaksbrevet.