Sjå heile stadnamnlova på Lovdata sine nettsider.

Føremålet med lov om stadnamn (stadnamnlova) er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.

Lova skal også sikre omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar. Derfor har lova eigne reglar for bruk av stadnamn i fleirspråklege område.

Kva gjeld lova?

Lova gir reglar for:

Ikkje namnsetjing (”namnedåp”)

Lova gjeld i utgangspunktet ikkje fastsetjinga av sjølve namnet («namnedåp»). Men med lovendringa i 2006 kom det inn ein paragraf om namnevern og namnsetjing. Etter lovendringa i 2015 har paragrafen tittelen § 3 Namnevern. Regelen seier at eit stadnamn berre kan takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn og heller ikkje må vernast av andre grunnar. Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn som har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.

Dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift, er det i prinsippet tre vedtaksorgan for skrivemåten av stadnamn; Kartverket, fylkeskommunane og kommunane. Sjå § 5 i lov om stadnamn.

Kartverket vedtar berre skrivemåtar, ikkje kva stader heiter. Når andre statlege organ – som Kystverket og Vegvesenet – vel namn på anlegga sine, gjer dei det sjølve, men Kartverket står for behandlinga etter lov om stadnamn og gjer vedtak på skrivemåten av namnet. Fylkeskommunen og kommunen gjer båe delar sjølve for dei namna dei er vedtaksmyndigheit for.

Einsarta skrivemåte, vedtak og samlevedtak

Siktemålet til lova er også at eitt og same stadnamn på ein og same staden skal ha ei offisiell form, som skal brukast av alle offentlege etatar (kommunane, Vegvesenet, Posten, NSB, Kartverket osv.) i all offentleg verksemd. Denne offisielle forma skal førast inn i Sentralt stadnamnregister (SSR). Stadnamn som er vedtekne etter reglane i lova, har status Vedtak (V) i SSR.

Det kan også gjerast samlevedtak (S) for skrivemåten av eit namneledd innanfor same administrative område, til dømes vann/vatn eller tjønn/tjørn, slik at det ikkje skal vere nødvendig å reise namnesak i alle tilfelle der heile eller delar av namnet skal skrivast på ein måte som alt er vedteken (lova § 5 tredje ledd med kommentarar).

Ikkje naudsynt å behandle alle namn etter lova

Det er ikkje meininga at alle stadnamn i landet skal behandlast på nytt etter lov om stadnamn. Mange namn har allereie ein skrivemåte som er uproblematisk. Etter lova skal det offentlege halde fram med å nytte dei namneformene som er i bruk frå før, inntil det eventuelt vert gjort namnevedtak etter reglane i lova (lova § 9 tredje ledd og forskrifta § 15 siste ledd).