Sørfjorden og Sperillen fungerer like godt som namn. Medan det krev stor språkhistorisk innsikt å forklare Sperillen, er Sørfjorden ganske sjølvforklarande. I praksis spør ein ikkje kva stadnamna tyder, og slik sett kan det vere likegyldig kva for opphav dei har.

Stadnamna er symbol eller kjennemerke på ulike lokalitetar, på same måten som personnamna er det på menneske. Mange meiner at jo vanskelegare eit namn er å tolke, dess betre fungerer det som stadnamn. Det er staden, ikkje namnet, som interesserer oss i det daglege. Ut frå denne synsstaden blir forskjellen på stadnamn og personnamn stadig mindre.

Stadnamn kontra personnamn

Likevel er det ein vesentleg forskjell på stadnamn og personnamn. Stadnamna har som regel opphav i eitt eller anna sermerke ved staden. Haug er eit vanleg ord som finst i norske stadnamn. Felles for dei fleste stadene som er namngitt med dette ordet, er at dei ligg på eller ved større eller mindre avrunda høgder. Byen Haugesund har namn etter "sundet ved garden Haugar".

Brukt som personnamn (etternamn) spelar tydinga av stadnamnet Haug derimot inga rolle. Ein annan forskjell mellom stadnamn og personnamn er at personnamnlova ikkje har reglar om å følgje vanleg norsk rettskriving ved skrivemåten av personnamn. Den framandpåverka skrivemåten Dahl (plukka frå dokument på 16-/1700-talet) er ein vanlegare skrivemåten av etternamnet enn det norske Dal.

Stadnamna er ein del av norsk språkhistorie

I prinsippet følgjer stadnamna dei same reglane for lydendringar som resten av språket. Liksom det gamalnorske ordet hlið (fleirtal hliðir) stort sett har vorte li (fleirtal lier) i moderne norsk, vert gardsnamn som vart skrivne Lið på 1300-tallet, skrive Li i dag. Kommunenamnet Lier vart skrive Hliðir og helst Liðir i gamalnorsk.

Men fordi stadnamn er fast etablerte nemne på ein einskild lokalitet, og derfor ikkje "lever" på same måten som språket elles, kan dei bli "nedslitne" dei er vanskelege å kjenne att. Derfor er det naudsynt å finne fram til dei eldste formene av namnet når ein tolkar namn.

Holme er ikkje alltid holme

Av og til kan stadnamn som ser heilt like ut, vise seg å ha ulikt opphav. Det gamle gards- og områdenamnet Holmen (jf Holmenkollen) i Oslo er ikkje bunden form eintal av ordet holme, gamalnorsk holmi, slik det oftast er i stadnamn. Derimot er det sett saman av det gamalnorske holmr og vin "naturleg eng, beite". Gamalnorsk holm og holmi kan tyde både "lita øy" og "høg plass på land, haug".