Kartverkets nødplakat henger på et tre ute i skogen
KAN VERE AVGJERANDE: I ein krisesituasjon der det er nødvendig med akutthjelp frå politi, brannvesen eller ambulanse, kan ein nødplakat vere avgjerande for at hjelpa kjem raskt nok fram. Foto: Hanna Hauan
Siste oppdatering

Lag din egen nødplakat

Ein nødplakat har all informasjonen nødetatane treng for å finne fram når du treng rask hjelp. Skriv ut og heng opp til dømes på hytta!

Nødplakaten er utskrift av ein «plakat» som alle enkelt kan lage sjølv på PC-en sin. Utskrifta inneheld den nøyaktige geografiske posisjonen for den staden du vel å lage nødplakat for. Dette kan vere livsviktig hjelp viss du er på ein stad der du er usikker på adressa, som til dømes på hytta.

Slik lagar du nødplakaten

Nødplakaten til Kartverket er gratis, og alle kan lage sin eigen nødplakat på PC-en. Slik gjer du det:

  1. Klikk deg inn på Kartverkets noregskart (lenke lenger ned på sida)
  2. Zoom deg inn i kartet (eller bruk søkefeltet) og klikk på den eksakte staden du vil markere, til dømes hytta di
  3. Vel «Lag nødplakat» i menyen som dukkar opp og godta vilkåra
  4. Gi punktet ditt eit namn (til dømes «Hytta vår» og vel rett stadnamn)
  5. Kryss av at rett stadnamn er vald og klikk på «Last ned»
  6. Du får no ei pdf-fil som du kan ta utskrift av
  7. Heng utskrifta opp ein stad ho er lett å finne
  8. Sett i gang - gå til norgeskart.no og lag nødplakat.

Samarbeid med nødetatane

Kartverket har utvikla nødplakaten i tett samarbeid med hovudredningssentralane og nødetatane. Det er Kartverket som har ansvaret for datagrunnlaget, stadnamna, karta og teknologien bak.

I ein krisesituasjon der det er nødvendig med akutthjelp frå politi, brannvesen eller ambulanse, kan ein nødplakat vere avgjerande for at hjelpa kjem raskt nok fram.

Heng nødplakaten på hytta

Nødetatane opplever ofte at folk som kontaktar dei, ikkje klarer å forklare godt nok kor dei er. Spesielt gjeld det om dei ringjer frå ei hytte. Har du ein nødplakat lett tilgjengeleg på hytta, kan du raskt formidle kor redningsmannskapa kan finne deg.

I tillegg til å henge ein nødplakat på innsida av hytta, kan det være ein idé å henge ei utskrift også på utsida, slik at forbipasserande kan bruke plakaten til å skaffe hjelp.

Fleire har ikkje vegadresse

Det kan òg vere lurt å ha ein nødplakat heime i stova eller gangen. Mange har framleis ikkje vegadresse heime, og fram til dette kjem på plass, er nødplakaten grei å ha.

Del