Slik gjer du det: Gå inn på Kartverkets norgeskart.no, klikk på verktøy-fanen i høgre marg og vel høgdeprofil-symbolet, som er det tredje symbolet ovanfrå.

Gå til norgeskart.no og lag høgdeprofil (NB.: Ikkje optimalisert for mobiltelefon).

Om høgdeprofilen

Kartverkets høgdeprofil-teneste gjer det mogleg å teikne ein høgdeprofil for ei sjølvvald rute i kartet, og er nyttig for alle som ferdast i marka, på fjellet, syklar, joggar eller går på ski.
Når du legg inn startpunkt, teiknar ruta på kartet med musepeikar og legg inn sluttpunkt, blir det automatisk laga ein høgdeprofil for ruta. Den har form som ei kurve og inneheld informasjon om terrenget, slik at du kan sjå kva slags landskap du går igjennom.

Høgdeprofilen er eit godt visuelt hjelpemiddel for å lese høgda ut av kartet og stigninga i terrenget.

Installere på eiga nettside

Tenesta kan også byggast inn i kart på andre nettstader, uavhengig av om desse nyttar datagrunnlaget til Kartverket eller andre kart. Brukarretteiing finn du i artikkelen om høgdeprofil for utviklarar.