Last ned rigglista – posisjonar for mobile boreplattformer og flotell (pdf 356 kB)

Tabellen viser innrapporterte posisjonar på mobile plattformer og flotell i Barentshavet, Norskehavet og
Nordsjøen nord for 55° N og aust for 05° W.

Alle riggar vil under flytting ha ei høgd over havflata på ca. 120 meter.

Rigglista blir oppdatert dagleg på bakgrunn av innmelde riggflyttingar, men ikkje i helger og på heilagdagar.

Meld inn riggflyttingar

Riggflyttingar kan meldast inn på e-post til efs@kartverket.no.

500 meter sikkerheitssone

Sikkerheitssonar strekk seg 500 meter rundt installasjonar eller anordningar som kan vere faste produksjonsplattformer, mobile boreplattformer, forankra lasteanordningar for tankskip, samt i nokre unntak; installasjonar på havbotn.

Sikkerheitsoner blir rekna frå ytterpunkta av innretninga. På nokre innretningar blir sikkerheitsona rekna frå havbotnkontakta til stigerøyra. Dette førar til at sikkerheitsona er monaleg utvida på nokre installsjonar.

Ikkje noko fartøy, medrekna eventuelle reiskap av noko slag, skal navigere innanfor ei etablert sikkerheitsone, unntatt ved spesielt løyve frå plattformsjef, eller at dei sjølve er i ein naudsituasjon.

Anker/ankerliner

Frå bore-/produksjonsplattformer, flotell og lastebøyer kan det vere lagt ut ankerkjettingar og anker ut til ein avstand av 2500 meter. Sjøfarande rådast til å ta omsyn til moglege ankerkjettingar/-vaierar og anker utanfor 500 meters sikkerheitsonar.

For detaljerte opplysningar om anker og ankervaierar/-liner utanfor sikkerheitsonar kan plattform eller vaktbåt kontaktast på VHF-kanal 16.

Overvåkingsteneste – Statoil Operasjon

Statoil Operasjon overvåkar havområda rundt alle Statoil sine oljefelt/plattformer. Dei overvåkar og felt/plattformer for andre operatørselskap. Fartøy som styrer mot ei innretning si sikkerheitsone meldar seg til Statoil Operasjon 60 minuttar (TCPA) frå innretninga på VHF-feltkanal, og oppgir namn og kallesignal. Pågåande maritime operasjonar og omsynet til sikker navigering kan medføre at fartøy blir bedne om kursendring.

Statoil Operasjon VTS kan kontaktast på:

  • Tlf: (+47) 55 14 32 78
  • E-post: OPCSE@statoil.com.

Forbod mot oppankring og fiske med somme reiskaper

Følgande felt er omfatta av forskrifter mot oppankring og fiske med bruk av somme reiskaper:

Innanfor området er all ugrunna oppankring, samt fiske med trål, ringnot, snurrevad og anna reiskap som er eigna til å skade installasjonar på eller over havbotnen forbode.

For opplysningar om området som forskrifta gjeld, kan plattformen kontaktast. Posisjonane finst i forskriftene på lovdata.no og i Norsk Fiskerialmanakk.

Sjå lov av 21. juni 1963 om utforskning og utnyttelse av undersjøiske naturforekomster og lov av 17. desember 1976 om Norges økonomiske sone § 4.

Mellombels forlatne brønnhovud (hefter)

Etter oppstarta boring, kan eit brønnhovud bli mellombels forlate av operatøren som har til føremål å fortsette boringa ved eit seinare høve. I slike tilfelle blir ein "Guide Base" satt igjen på havbotnen for å lette tilkomsten når boringa skal fortsette. Denne "Guide Basen" er ei plate, 12 fot i firkant, med ca. 12–15 fot høge bein. Eit sentralt røyr, ca. 20 tommar i diameter, stikk normalt opp ca. 10–15 fot over havbotnen.

Fiskarar er varsla og bedne om å halde seg godt klar av desse brønnhovuda som normalt ikkje er merka med bøyer. Så snart Efs-redaksjonen får melding om posisjonen til eit brønnhovud, blir denne publisert i ei melding i Etterretninger for sjøfarende.

Seismiske undersøkingar

Seismiske undersøkingar blir utført overalt på norsk kontinentalsokkel. Ved seismiske undersøkingar skal fartøy ha fiskerikyndig person om bord.

Fartøya, som førar foreskrevne signal, kan ha opptil fleire tusen meter med kablar slepande etter seg. Alle fartøy bør difor halde god avstand ved passering av dei seismiske fartøya.

Seismiske undersøkingar meldt til Kartverket blir kunngjort i Etterretninger for sjøfarende (Efs).

Informasjon om seismiske undersøkingar finst på Oljedirektoratets nettsider, www.npd.no, under «pågående seismikk».